Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2025

Innlegget
I år er det 150 år sidan det blei vedteke å byggja Vossabanen. Det var ein dag som var verd å feira, og det er det i dag også. I dag kunne me ha pynta Stortinget med ballongar og flagg, for i dag er det verkeleg ein stor dag. Etter år med konvoiar, lesarinnlegg, debattar og eit samla krav frå heile Vestlandet er vedtaket endeleg på plass. Fellesprosjektet Arna–Stanghelle skal realiserast, og finansieringane er sikra. Dette er eit viktig rassikringsprosjekt, men det er også ein samferdselsrevolusjon, med både ny veg og bane som skal byggjast saman. Dette er eit løft for alle som ferdast på denne vegen, frå barn til yrkessjåførar. Dødsvegen. Noregs verste veg. Rasvegen. Dette er ikkje berre dramatiske overskrifter, det er kvardagen til folk som bruker E16 mellom Voss og Bergen. Dette er ein veg prega av rasfare, stengde tunnelar og utryggleikar. Eg har sett vaksne menn gråta av fortviling over denne vegstrekninga, men no kan me sjå med stoltheit og lette at det kjem trygg veg og bane. No startar arbeidet med å byggja ein kvardagsveg utan frykt for ras og stengde vegar. Mange har stått på Arna stasjon og lova ny veg og bane, men det er denne regjeringa, med statsminister Støre og samferdselsminister Jon-Ivar Nygård, som har levert. Dei har lytta til Vestlandet og teke ansvar. No skjer det. Ein ny veg og moderne bane mellom Bergen og Voss vil gje tryggare reiser, kortare reisetid, klimavennleg transport og betre framkome. Ja, det er viktig for Vestlandet, men det er også viktig for heile landet. E16 er ei nasjonal pulsåre mellom aust og vest. Dette er ei styrking av Noregs viktigaste samferdselsåre og gjer reisa tryggare for alle. Forhåpentlegvis blir dette mitt siste innlegg om denne saka frå denne talarstolen på ei stund, sjølv om me sjølvsagt skal ha heile vegen, heilt til Voss. No er me i gang med trygg veg og bane – og takk til alle som har stått på!
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat