Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 2. jun 2025

Ove Trellevik
Ove Trellevik
Høyre·Hordaland

Innlegget

Avfallsforbrenningsavgifta er ei avgift på CO2-utslepp, og i utgangspunktet i tråd med prinsippet om at forureinaren skal betala. Det er likevel uheldige verknader av avgifta. Forbrenning av avfall til fjernvarmeproduksjon er ein ønskt aktivitet, men verken avgiftsnivået eller kvoteplikta til slike anlegg er harmonisert mellom Noreg og nabolanda. Dermed kan avgiftsforskjellen gje insentiv til eksport av avfall til svenske fjernvarmeanlegg med større kapasitet og lågare drifts- og avgiftskostnader. Difor meiner me i Høgre at regjeringa si oppfølging av oppmodingsvedtak nr. 514 i Innst. 205 S for 2023–2024 kunne vore betre. Høgre er difor strålande fornøgd med at heile komiteen no er med og sikrar at regjeringa atter ein gong må gjennomgå rammevilkåra for avfallsforbrenning for å unngå konkurransevriding, og samtidig vurdera konsekvensen for fjernvarme. Utsleppa må prisast der utsleppa oppstår, i samsvar med normale grunnprinsipp i norsk og europeisk klimapolitikk. Den europeiske kvoteprisen varierer frå dag til dag. Den beste måten å oppnå likebehandling på er difor truleg å inkludera all avfallsforbrenning med innfyrt effekt på t.d. 15–20 MW i EUs kvotehandel. Alternativt må CO2-avgifta spegla kostnadsbelastinga for kvotepliktige avfallsforbrenningsanlegg i Skandinavia over tid. Ei slik avgjerd er umogleg å ta i eit Dokument 8-forslag, men Stortinget må kunna forventa at regjeringa arbeider meir målretta for å løysa desse utfordringane enn det me har sett til no.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat