Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 2. jun 2025

Ove Trellevik
Ove Trellevik
Høyre·Hordaland

Innlegget

Noreg si stegvise tilnærming i leiteprosessen for havbotnmineral er at det først vert gjeve løyve til leiting med eit fastlagt arbeidsprogram bestemt av myndigheitene. Krava inneheld prosjektspesifikke miljøundersøkingar og biologisk kartlegging. Når dette lisensarbeidsprogrammet er gjennomført, kan det søkjast om løyve til utvinning. Prosessen er godt beskriven i havbotnminerallova, vidare i Meld. St. 25 for 2022–2023 og i Stortinget si innstilling i saka. I denne prosessen vert det både høyringar, samarbeid og kunnskapsdeling mellom statlege myndigheiter og næringsaktørar. Kunnskapen om økosystemet i djuphavet er framleis svært mangelfull. Samarbeid mellom alle interessentar er nøkkelen til betre kunnskap. Utvinning av mineral frå havbotnen kan i framtida verta ei ny og viktig næring for Noreg og samtidig bidra til å sikra den globale tilgangen på viktige metall og mineral. Difor er det viktig å koma i gang med konsesjonsprosessen. Det er synd at Høgre og Framstegspartiet ikkje får fleirtal for dette i dag. Eg tek likevel opp det forslaget Høgre er med på å fremja. Ein føresetnad for mineralutvinning er at ressursane kan haustast på ein lønsam måte, med akseptabel grad av miljøpåverknad. For å få avklart dette er opningsprosessen Stortinget nyleg vedtok, avgjerande. Han legg grunnlaget for å starta ei vurdering av område slik at andre aktørar enn staten også kan leita, og når kunnskapsgrunnlaget eventuelt skulle tilseia det, kan det utvinnast mineral. Det vil krevja ytterlegare kunnskapsinnhenting før ein eventuelt kan godkjenna utvinning. Det handlar altså om å skaffa meir kunnskap om miljøkonsekvensane før ein startar med utvinning. Difor er det viktig å koma i gang med konsesjonsprosessane.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat