Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 2. jun 2025
Innlegget
Dronar og ny luftmobilitet kan bidra til meir effektiv oppgåveløysing på ei rekkje samfunnsområde og auke mobiliteten for personar og gods, med betre tilgjengelegheit til grunnleggjande og viktige tenester. Det kan ha særleg betydning for innbyggjarar og næringsliv i Noreg, med si spreidde busetting, lange avstandar og utfordrande geografi for vegbygging og kommunikasjon. Senterpartiet meiner det ligg føre store næringsmoglegheiter for norske bedrifter med høg kompetanse og stor innovasjonsteknologi. Det er svært viktig at heile verkemiddelapparatet blir utforma og tilrettelagt for å støtte norske bedrifter og norsk industri til aktivt å kunne vere ein del av ei utvikling som har store internasjonale marknader og moglegheiter. I samtalar med bedrifter som utviklar dronar, har dei understreka at bedrifter er sårbare i teknologiutviklingsfasen, som krev omfattande utvikling, testing og forbetring før kommersielt sal. Her må verkemiddelapparatet bli styrkt og betre koordinert for å hjelpe eit nytt norsk teknologimiljø inn i marknaden nasjonalt og internasjonalt. Verkemidla må bli innretta sånn at dei gjev eit insentiv for betre samarbeid mellom industri, akademikarar og myndigheiter. Utvikling av dronar for ulike føremål skjer i høgt tempo. Norske myndigheiter må sikre at det er gode og mange nok testarenaer fordelte over heile landet, som har vore nemnt, som tilfredsstiller langtflygande dronar og ny teknologi, også utvikla av innovasjons- og teknologimiljø her i Noreg. Det inkluderer luftrom som kan brukast til testing og prototype. For operasjonar utanfor synsrekkjevidde er det i dag ein tidkrevjande prosess å få tilgang til luftrommet. Teknologiutviklinga skjer hurtig, og regjeringa må styrkje det regulatoriske arbeidet rundt og betre koordinering mellom ulike myndigheiter og type reguleringar, og få til raskare saksbehandling og forenkla krav i område med liten luftaktivitet. Effektivisering av søknadsprosessar og styrkt kapasitet i Luftfartstilsynet er avgjerande for nødvendig føreseielegheit. Difor meiner Senterpartiet at det er fornuftig med eit eige prosjekt for å utvikle det regulatoriske for dronar utanfor synsrekkjevidde, som ei vidareføring av norsk luftromsstrategi. Fleire har nemnt koplinga til det sikkerheitspolitiske, og norske myndigheiter må spesielt følgje konsekvensane av at programvare og fysiske dronar er tett samanvovne, og regulere det med tanke på sikkerheitsrisiko opp mot kvar teknologien kjem frå. Dronar og ny luftmobilitet har også stor betydning for militær sektor, og Senterpartiet ser fram til dronestrategien for Forsvaret som regjeringa har varsla. Her ligg det store moglegheiter i samarbeid og skjeringspunktet mellom sivil sektor og forsvarssektoren.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat