Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. jun 2025

Innlegget
Om det er éin ting som er sikkert, er det at det å avdekkje ting tidleg, det å førebyggje at små konfliktar blir store, og det å førebyggja at folk endar opp i langsiktig sjukefråvær, er utruleg viktig. Frå arbeidstakarorganisasjonane har det vore veldig tydeleg at det har vore behov for ei presisering i lovverket. No er det levert. Her presiserer ein både kva som er ansvaret og forventningane og etter kvart òg verktøya for å gjere eit førebyggjande arbeid på det psykososiale arbeidsmiljøet. Det er veldig viktig. Vi står i ei tid der det er mange som sklir ut i vedvarande sjukefråvær. Vi veit at det er fleire av dei som har som delgrunn at dei mistrivst på jobb, eller at dei ikkje får den rette oppfølginga. Eg opplever det som at Høgre sine representantar karikerer dette litt for masse. Det blir litt sånn: Skal vi no byrje å snakke om følelsar i arbeidslivet? Ja, det er ikkje maskiner som er ute på arbeidsplassane, det er folk, som i nokre tilfelle har bagasje, og som har behov for å få hjelp med bagasjen sin, sånn at dei kan vere effektive, produktive og gode medtilsette og kollegaer. Det er eit grundig arbeid som er lagt ned her av det partssamansette utvalet, som har funne saman til eit kompromiss. Når dette blir framstilt som eit ytterleggåande forslag som er heilt utan forarbeid, stemmer ikkje det. Arbeidarpartiet meiner at dette vil vere eit viktig løft, både for dei som er på jobb, og for dei som driv arbeidsplassane, fordi gode, produktive tilsette er bra for oss alle. Arbeidarpartiet tek dette på alvor. Det er synd at høgresida ikkje gjer det same, men vi aktar å få dette igjennom, for dette er ein siger som vi er stolte av.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat