Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 5. jun 2025

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

Innlegget

Torbjørn Vereide (A) [10:29:31] (ordførar for saka): Eg har først lyst til å takke komiteen for eit grundig arbeid i ei ekstremt vanskeleg sak. Eg har òg eit sterkt ønske om å takke Kielland-nettverket, Universitetet i Stavanger og Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress spesielt for dialog og kunnskap undervegs. Alexander L. Kielland-ulykka var den mest dramatiske og mest dødelege ulykka som har skjedd sidan krigen. Eg trur det er vanskeleg å forstå kor dramatisk og traumatisk det er å sjå sine eigne vener bli drepne, og for etterlatne å sitje i fleire dagar i usikkerheit om ein nokon gong får sjå sine kjære i live igjen. Eg trur eg snakkar på vegner av alle i komiteen når eg seier at den høyringa vi hadde, var ekstremt gripande, sår og vanskeleg. Men det er viktig at vi hugsar denne historia, og det er viktig at ho fortset å vere på dagsordenen. Det som skjedde, var ein svikt, og komiteen er heilt tydeleg på at det var riktig med den tydelege orsakinga som kom frå Stortinget. Komiteen har òg vore heilt samstemd i kor nødvendig det har vore med dei påfølgjande studiane og det arbeidet som har skjedd i etterkant av Riksrevisjonens allereie gjennomførte arbeid, i tillegg til arbeidet til kontrollkomiteen. Stavanger Drilling og Philips Petroleum gjennomførte eit privatrettsleg oppgjer. Summane kjem eg ikkje til å gå inn på, for dei varierer ut frå skadeomfang og andre faktorar, og dei er òg differensierte mellom både overlevande og etterlatne. Den vanskelege prinsipielle avgjerda for vår del er på ein måte vansken med å velje ut nokre over eit forslag her og så leggje opp til eit erstatningsløp – og samtidig sjå i auga mange andre som har opplevd andre traumatiske ting i Noreg, og på ein måte avvise dei. Det å vedta det over bordet her er vanskeleg. Men vi ber om at Riksrevisjonen får tilbake den nye kunnskapen og gjer den vurderinga, sånn at vi kan få eit så godt grunnlag som vi kan, før vi vedtek noko endeleg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat