Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. jun 2025

Innlegget
Torbjørn Vereide (A) [11:26:27] (ordførar for saka): Først vil eg som saksordførar takke komiteen for eit godt arbeid. Sjølv om sakene ikkje har ført fram til eit vedtak, er intensjonen i dei heilt grunnleggjande, nemleg at ein skal kunne leve av arbeidsavklaringspengar når ein går på det. I det høvet føler underteikna det naturleg at vi seier noko om historikken i kva som har skjedd av positiv utvikling for denne gruppa. Etter at vi tok over etter Erna Solberg og den blå regjeringa, har vi stoppa karensåret i arbeidsavklaringspengane, noko som sende over 70 000 menneske utanfor både inntektssikring og oppfølging. Det har vi endra på fordi vi såg kva for konsekvensar den politikken hadde. Vi har gjeninnført feriepengar på dagpengar, så 100 000 arbeidsledige no får meir, alt ifrå ein tusenlapp til 40 000 kr ekstra. Eit sterkare Nav som gjev raskare svar, er vårt svar og vår motsetnad til ostehøvelkutta som vi har sett over fleire år. Nokon kan kalle dette for ei oppbygging av byråkrati. Eg er sikker på at det er fleire ytterleggåande folk på TikTok som vil seie det, men når det er fleire tilsette som kan gje hjelp raskare til folk som er i ein sårbar del av livet, betyr det noko. Barnetrygda tel ikkje lenger som ein del av inntekta i berekninga av sosialhjelpa. Det betyr at fleire barnefamiliar får opptil 46 000 kr meir i året. Det same gjeld endringa vår på barnetillegg for uføre, som gjer at 3 300 no får 50 000 kr meir å leve av kvart einaste år. Pensjon frå første krone gjeld over ein million arbeidstakarar. Og paradoksalt nok har regelen fram til vi innførte dette, vore at dei som tener aller minst, blir straffa dobbelt fordi dei på toppen av det heile endar opp med å gå glipp av ein viktig del av pensjonsoppteninga. Det endrar seg no. Minstesatsane har òg gått opp. Til slutt vil eg seie at ungdomsgarantien til denne regjeringa òg er i gang. Veldig mange av dei som går på arbeidsavklaringspengar, er i ein usikker situasjon i livet. Det er klart at alle som kan jobbe, ønskjer å jobbe, og då trengst det fleire verkemiddel. Det trengst fleire moglegheiter for dei folka og dei ungdomane til å vise kva dei er gode for, sånn at det kan bli mogleg for fleire å sikre si eiga inntekt, gripe meininga i kvardagen og få jobbe med noko dei trivst med. Det er eg utruleg stolt over at Arbeidarpartiet har fått til. Takk.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat