Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. jun 2025

Innlegget
Torbjørn Vereide (A) [12:44:37] (ordførar for saka): Som ordførar for saka vil eg berre først få takke komiteen for eit godt arbeid. Dette er òg ei sak der vi stemmer imot forslaga, men der vi likevel meiner at tematikken er ufatteleg viktig. Er det noko vi veit, er det nemleg at sosial ulikskap kan gå i arv, ikkje berre i form av økonomi, men òg at ein ikkje får den oppfølginga og den starten på livet eller den starten på ungdomen som ein elles burde ha fått. Difor er det viktig at vi sørgjer for at det – kanskje spesielt i tryggleiksnettet vårt – òg blir teke omsyn til dei aller minste. Det som er gledeleg her, er at vi allereie har sett i gang ein del tiltak i form av tildelingsbrev, og i form av at det blir enklare og meir mogleg for dei som jobbar i velferdssystemet vårt i Nav, å utøve skjøn der det trengst. Eg har òg lyst til å understreke kor viktig det er i denne tematikken at vi har styrkt universelle ordningar, som at det no f.eks. er gratis kjernetid i SFO. Eg er sjølv ein av dei heldige som hadde foreldre som hadde råd til at eg fekk vere i SFO. På same tid opplevde eg at foreldra til mine nærmaste vener ikkje hadde råd til det, og at mine vener måtte reise heim til eit tomt hus. Det har noko å seie for ein barndom at ein har den tryggleiksarenaen å vere på etter skuletid i grunnskulen. Det same gjeld moglegheita til å få vere i barnehagen – i mine trakter har det blitt halv pris – og at vi gjer det enklare økonomisk sett å få delta i idrett og få vere ein del av det fellesskapet. I Nav er det gjort mykje bra som eg er stolt av: Feriepengar på dagpengar gjer det faktisk meir romsleg for folk som er utanfor arbeidslivet, slik at dei kan bruke sommaren sin, eller ferien sin, med familien på ein fin og verdig måte. Det at barnetrygda ikkje lenger blir trekt frå inntektsgrunnlaget, har utruleg masse å seie, og det at vi har fått auka barnetillegget for folk som er uføre, er òg utruleg viktig. Eg har lyst til å understreke, sjølv om eg tok det opp i ei tidlegare sak her, at innføring av karensåret var noko av det mest dramatiske den borgarlege regjeringa gjorde, og det gjorde at veldig mange aldri kom seg ut igjen i arbeid, og at veldig mange permanent hamna utanfor, mista hus, mista heim. Dei konsekvensane det hadde for det beste for barna, at det beste for barnet ikkje lenger blei ivareteke, skal vi aldri gløyme. Vi har fjerna heile karensåret, og det er eg veldig stolt av. Avslutningsvis vil eg seie at eg er veldig stolt av at det har blitt innført betre skjønsmoglegheiter i Nav, og eg gleder meg til å sjå effektane av det i tida som kjem.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat