Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 5. jun 2025

Innlegget
Eg har tenkt å fatte meg kort. Det er viktig at vi held ein god balansegang mellom kontroll og tillit i heile velferdssystemet vårt. Det er fordi det er viktig at pengane kjem fram til alle dei som treng det, men òg fordi det er viktig for oss alle at vi ikkje får ein type misbruk som gjer at folk blir unødvendig mistenkjeleggjorde og føler seg stigmatiserte når vi veit at dei aller, aller fleste følgjer reglane til punkt og prikke. Det forslaget som Framstegspartiet og Senterpartiet står for her, ivaretek ikkje den balansegangen på ein god nok måte. Det er utfordringar, spesielt for folk som oppheld seg i andre EØS-land. Vi meiner det er eit unødvendig forslag, og vi vel difor å ikkje støtte det.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat