Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 6. jun 2025

Innlegget
Som vi alle veit, lever vi i ei tid då grensa mellom det digitale og det verkelege livet er litt viska ut. Sosiale medium har på få år utvikla seg frå å vere digitale møteplassar til å bli mektige samfunnsaktørar med ei enorm påverking på både enkeltmenneske og demokratiske prosessar. Difor vil eg rose forslagsstillarane for å løfte debatten, og for at vi i komiteen har fått behandle saka og fokusere på ho. Men difor er det òg rett og viktig at vi tek eit grundig blikk på korleis desse plattformene blir regulerte. Forslagsstillarane har peika på ei utvikling som vi alle kjenner igjen: at barn og unge veks opp i ein digital kvardag full av algoritmar, reklame og påverking, ofte utan at dei sjølve forstår kven som styrer kva dei ser. Dei ber ikkje om sensur, dei ber ikkje om at vi skal stoppe utviklinga – dei ber om ansvar. Det gjer vi òg. Vi meiner at barn og unge skal ha rett til ein trygg digital oppvekst, der vi må vi skjerme dei frå skadeleg innhald. Vi må òg sjå kritisk på overvakingsbasert reklame, spesielt når det er retta mot barn. Samtidig må vi anerkjenne at mykje av dette arbeidet er i gang. Gjennomføring av DSA-forordninga vil gje både betre personvern, forbrukarrettar og ytringsfridom. Difor støttar vi at dette arbeidet får gå sin gang, som regjeringa nemner, før vi gjer ytterlegare tiltak. Men la oss vere tydelege: Regjering og storting har eit ansvar for å følgje med. Difor vil eg rose statsråd Tung for at ho går føre og stiller krav til næringa.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat