Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 6. jun 2025

Innlegget
På vegner av saksordføraren vil eg starte med å seie takk til komiteen for samarbeidet og for noko ein gjer litt sjeldan no til dags: å gjere lovendringar her i Stortinget i ei sak som har vore viktig for komiteen å løfte. Så vil eg gå over til Arbeidarpartiets tankar om lovforslaget vi behandlar i dag. Språk er meir enn berre grammatikk og rettskriving. Det handlar om identitet, det handlar om rettferd, og det handlar om språkleg likeverd. Som stolt nynorskbrukar er det «fole kjekt» å sjå i dag at Stortinget behandlar ei lov for å styrkje nynorsken si stilling i språklova. Då Stortinget behandla språklova sist, fremja vi forslag som diverre blei nedstemte, forslag som hadde villa styrkt stillinga til nynorsken. Åra går, og fleirtal endrar seg. Difor vil eg òg gje stor takk til SV, som har fremja forslaget, slik at me saman med SV, Senterpartiet og Venstre endeleg får vedteke desse styrkingane og får eit språkleg likeverd. Fleirtalet i komiteen støttar dei viktige endringane i språklova, som no går framover for å løfte nynorsken. Det inneber ikkje ei personleg forplikting for kvar enkelt tilsett om å skrive både nynorsk og bokmål, som enkelte kan hevde, men det handlar om å gje leiinga ansvar for at begge målformene blir brukte, og at tilsette skal få god opplæring og støtte. Det handlar om at ein skal få dokumenta på nynorsk når eit regionalt statsorgan held til i ein nynorskkommune. Det er respekt, det er demokratisk, og eg meiner det er heilt rett. Ved å ta desse grepa seier vi tydeleg at nynorsk ikkje er eit sidemål, det er ei likestilt målform. Vi som samfunn har eit ansvar for å halde det levande. Språk døyr ikkje fordi dei ikkje blir brukte av folk flest, dei døyr fordi samfunnet vender ryggen til. Historia viser kven som aktivt har løfta nynorsken. Det gjer vi òg i dag. Eg synest det er synd at det i 2025 framleis er parti i Stortinget – på høgresida – som stemmer imot å styrkje nynorsken. Vi får til å styrkje nynorsken med det fleirtalet som er i Stortinget i dag. Det gjer meg stolt. Det gjer vi ikkje minst for mangfaldet si skuld, vi gjer det for framtida si skuld, og vi gjer det for at vi skal få fleire stolte nynorskbrukarar som meg sjølv i framtida.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat