Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 10. jun 2025

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

Innlegget

I dag er eg utruleg glad for at me har sett oss mål – for mål gjev retning, og retning gjev innovasjon. Industrien på Vestlandet er oppteken av at me har klare mål som gjev innovasjon. Me ser det i heile landet i dag. Me ser det frå Mo i Rana til Stord og Øygarden, med Langskip, kva dei faktisk får til fordi me har sett retning for å kutta utslepp og retning i klimapolitikken. Difor blir eg så overraska over Framstegspartiet sin retorikk. Kva i alle dagar er det Framstegspartiet har tenkt at industrien skal leva av om dei ikkje skal vera med på det grøne skiftet? På Vestlandet er me i front med Grøn region Vestland, og eit av det viktigaste verkemiddelet me har, er nettopp Enova-støtta. Den har denne regjeringa dobla fleire gonger, mens Framstegspartiet i sine alternative budsjett og i sitt partiprogram kallar dette for sløsing. Dette er klimapolitikk i praksis, at ein faktisk har innovasjon som gjev retning. Det er snakk om arbeidsplassar. Langs heile kysten vår gjev dette arbeidsplassar, f.eks. ute i Austevoll med ECOsubsea, ei gründerbedrift som er verdsleiande på teknologi for miljøvenleg skipsvask. Dette skal Framstegspartiet fjerna frå sine budsjett. Dette er innovasjon, det er arbeidsplassar, og det er på denne måten me har bygd industrien vår og Vestland. I min og presidentens kommune har me f.eks. Voss biopark. Med Framstegspartiet i spissen vil det ikkje vera midlar til denne bioparken og til grøn innovasjon og utvikling. Eg er så utruleg glad for at Arbeidarpartiet, Høgre og Venstre i dag har kome til ei einigheit som gjer at me faktisk har ei retning og set oss mål for vidare utsleppskutt. Med dette vil eg takka for det arbeidet som er gjort.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat