Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2025

Innlegget
Åse Kristin Ask Bakke (A) [11:58:29] (ordførar for saka): Eg har lyst til å starte med å takke komiteen for samarbeidet i saka. Vi får til eit breitt fleirtal, og alle parti unntatt eitt står bak tilrådinga. Det går eg ut frå at partiet sjølv skal prate om seinare. Det eg har lyst til å seie, er at dette er eit ganske tydeleg signal frå denne salen om at det breie politiske Noreg står samla bak å gå lenger i å beskytte barn og unge i den tida vi lever i. Vi lever i ei tid då barn og unge blir eksponerte for mykje reklame. Det har kanskje generasjonar opp gjennom blitt eksponerte for, men forskjellen på i dag og før i tida er at det skjer meir og meir òg i digitale medium. Det er ei utvikling som skjer raskt og i kanalar som stadig er vanskelege å kontrollere. Det digitale rommet er òg prega av ganske avansert målretting, skjult marknadsføring og innhald som i mange tilfelle kan vere både ueigna og skadeleg for barn. Dette utfordrar evna vår til å ivareta eit grunnleggjande prinsipp i forbrukarvernet om at barn skal ha eit særleg sterkt vern. Difor, med det fleirtalet som no ligg føre i salen, styrkjer vi handhevinga av føresegnene i marknadsføringslova, særleg når det gjeld krava til god marknadsføringsskikk overfor barn. Vi ønskjer å beskytte barn mot marknadsføring som utnyttar sårbarheita deira, skaper unødvendig press, ikkje minst kroppspress, eller som forsøkjer å påverke dei på uærleg vis. Marknadsføringslova stiller i dag allereie krav til korleis næringsdrivande skal opptre, men lovverket er berre så sterkt som sanksjonane bak det er. Når ein bryt lova, må det òg få tydelege konsekvensar. Difor ser ein òg at ein skrur opp sanksjonsmoglegheitene i det lovforslaget som blir vedteke. Så kan ein diskutere kor høge eller store prosentar sanksjonane eller gebyra skal vere på. Det har vi kanskje ulike meiningar om, men la det vere heilt klart at føremålet med desse endringane ikkje er å straffe for straffa si skuld. Det handlar om å sende eit tydeleg signal til næringslivet om at barn ikkje skal vere ei målgruppe for aggressiv eller uansvarleg marknadsføring. Det skal ikkje løne seg å bryte lova, særleg ikkje når det er tryggleiken og helsa til barn som står på spel. Difor er eg veldig glad for at eit såpass breitt fleirtal i Stortinget i dag gjer desse endringane i marknadsføringslova.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat