Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 11. jun 2025

Innlegget
Eg vil først og fremst takke forslagsstillarane i partiet SV for å løfte eit tema som vi ofte har vore ganske einige om oss imellom når vi har forhandla både budsjett og anna. Men også etter at vi kom i regjering og har landa gode budsjett og masse god politikk saman med m.a. Senterpartiet og SV, har vi fått til ganske mykje for å få folk inn i arbeid. Berre sidan vi tok over regjeringsmakta, har over 145 000 fleire kome seg inn i arbeidslivet. Vi har innført ein ungdomsgaranti for at det skal vere enklare for ungdom å få arbeid eller utdanning. Dette er noko som verkar, noko som er sett i gang, og som vil gjere at det blir enklare å få seg arbeid og stå i arbeid, og ikkje minst bidra til at ungdom ikkje skal falle utanfor. Det har vi som fellesskap eit stort ansvar for. Så løftar forslagsstillarane òg noko som vi ofte diskuterer i komiteen. Det er korleis ein skal unngå utanforskap blant barn og unge i både idretten og andre fritidsaktivitetar. Då vil eg berre påpeike ein del av det vi har klart å få på plass, og som vi som fellesskap på raud-grøn side er stolte over å ha fått til. I det første budsjettet klarte vi for aller første gong å få til full momskompensasjon. Det betyr at over 24 000 lag og organisasjonar ikkje betaler skatt av dugnad. Det er store summar som går til frivilligheita. I inneverande år er det allereie 2,65 mrd. kr – pengar som går til frivilligheit og idrett, skaper aktivitet og gjer at fleire får lov til å vere med. Det er ei ubyråkratisk ordning som vi har fått til. I tillegg har det vore dyrtid. Mange barn og unge har slite med å betale kontingent, og det er vanskeleg å kome inn i idrettslaga. Då sette vi oss ned og laga ei ubyråkratisk, enkel ordning, der pengane går direkte til NIF, til idrettsråda og idrettskretsane. Det er eit beløp på rundt 100 mill. kr som fleire gonger i året har gått rett ut til idrettsråda, som har sørga for lågare kontingent og at fleire kan få lov til å vere med i idretten. Vi får tilbakemeldingar på at idretten er fornøgd med ordninga, og vi har allereie delt ut over 555 mill. kr, som går rett ut til dei laga som treng det aller mest. Dette viser at ein ikkje nødvendigvis treng eit representantforslag for å få gjennom god politikk og få løfta temaet. Vi er allereie i gang med utruleg mykje av dette, og det er eg stolt over at vi har fått til. Det har heller ikkje skjedd før Arbeidarpartiet kom på vakt.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat