Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. jun 2025

Linda Monsen Merkesdal
Linda Monsen Merkesdal
Arbeiderpartiet·Hordaland

Innlegget

Dette har vore ei sak som har skapt eit enormt engasjement. Det har kome rekordstore mengder av høyringsinnspel. Dette har gjeve oss ei imponerande innsikt, og eg vil påstå òg heilt ny kunnskap. I dag er eg glad for at Arbeidarpartiet, saman med Senterpartiet og SV, sikrar at både veteranbilar og båtmotorar òg i framtida får køyra på etanolfritt drivstoff. Det skal vera mogleg å få tak i 98 oktan på vegen vidare. Dette er viktig for å sikra at me tek vare på både kultur, beredskap og transport. Per dags dato finst det ikkje noko anna produkt, og då vil me sikra at 98 oktan framleis skal vera tilgjengeleg. I eit av høyringssvara som kom inn denne våren, var det presisert at etanolfri bensin må vera tilgjengeleg. Etanoltilsetjing kan løysa opp gummi og aluminiumslegeringar, slik at ein kan få både lekkasje og motorstopp. Det er akkurat det dette handlar om. Difor har me lytta til både veteranbilentusiastar, båteigarar og folk i beredskap, industri og organisasjonslivet. Me har lytta og snakka, og no har me handla. Arbeidarpartiet, saman med Senterpartiet og SV, har no, som eg nemnte, sikra fleirtal for eit vedtak. 98 oktan utgjer berre 2 pst. av drivstoffsalet, men det har stor betydning. Som representanten Haltbrekken sa, er det i dag ikkje forbode, men det har breitt om seg ein utryggleik knytt til kva som kan skje med produktet. Arbeidarpartiet har vore oppteke av å finna løysingar som varetek både miljøambisjonar og behova til folk. Me skal ikkje detaljstyra marknaden, men me ønskjer å gjera det føreseieleg for brukarane. Det er freistande å sitera frå fleire av høyringsinnspela, men det skal underteikna ikkje gjera. Då trur eg at ein hadde slått med klubba.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat