Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. jun 2025

Innlegget
Mikroplastforureininga er ei tverrsektoriell utfordring, eit problem som rammar havet, jorda, lufta og oss menneska. I havgapet ved Landro i Øygarden finst det ein fjellsprekk fylt med 8 000 liter mikroplast, plast som har blitt kverna år etter år. Eg har sjølv stått der saman med Kenneth Bruvik, ei viktig stemme i kampen mot plast i naturen. Det var rett og slett dramatisk å sjå med eigne auge kor veldige påverkingane av dette var på omgjevnadene. Dette er ikkje eit teoretisk problem; det er eit synleg, konkret problem, og det skjer her og no. Komiteen har òg vore på besøk hos Afroz Shah i Mumbai og sett dei enorme mengdene med plast som tek over naturen. Me i Arbeidarpartiet tek dette på djupaste alvor. Berre for fire år sidan fekk Noreg sin første plaststrategi. Regjeringa har hatt eit tett samarbeid med dei nordiske miljøministrane på akkurat dette feltet, og me er nært kopla på forskingsmiljø som skal gje oss betre kunnskap om korleis plast påverkar både natur og helse. Dette er ikkje ei sak som kan løysast berre med ei enkel lov. Det krevst brei innsats på tvers av sektorar, nivå og landegrenser, og det er sett i gang viktige tiltak: overvakingsprogrammet Mikronor, forsking som har styrkt forståinga av både skadeverknader og løysingar, det er innført forbod mot tilsett mikroplast i produkt som kosmetikk, reingjeringsmiddel og enkelte malingstypar, og det blir arbeidd med korleis me kan redusera utslepp frå både bildekk, tekstilar og maling, som me veit er dei aller største kjeldene til mikroplast. Samtidig er det framleis store kunnskapshol, og det må utviklast betre målemetodar for å få betre oversikt over utsleppa. For Arbeidarpartiet handlar dette om meir enn plast. Det handlar om helse og natur, og det handlar om å setja inn rett tiltak som verkar, og me bruker det politiske handlingsrommet som me har, både nasjonalt, regionalt og internasjonalt. Det finst nokre heltar der ute som eg har lyst å løfta no på slutten. Min inspirasjon i arbeidet med å kjempa mot plast er dei to som eg har nemnt tidlegare, Kenneth Bruvik og Afroz Shah. Takk for at de aldri mister motet, og at de viser oss retning i politikken.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat