Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 16. jun 2025

Innlegget
Solberg-regjeringa sette ned eit uavhengig lovutval for å gjennomgå regelverket og føreslå endringar i motorferdsellova. Eit viktig poeng for Solberg-regjeringa med å setja ned eit lovutval var nettopp at ein skulle sjå lova under eitt, og ikkje gjera enkeltjusteringar utan å sjå dette i ein heilskap. Motorferdsellovutvalet leverte si utgreiing og sitt forslag til ei heilt ny motorferdsellov den 21. mai 2024. Framleis har ikkje Støre-regjeringa klart å levera ein lovproposisjon til Stortinget, sjølv ikkje med Senterpartiet i regjeringskontora. Høgre er særs kritisk til framdrifta frå Støre-regjeringa. I lys av at det er føreslått ei ny og heilskapleg lov om motorferdsel i utmark, og at det er kome svært mange innspel til heile lovforslaget, ser Høgre det som uhensiktsmessig og lite føreseieleg å skilja ut nokre enkeltelement no og behandla desse isolert, utan å vurdera dei ein heilskapleg samanheng. Det er sider ved det å gjera lovendringar gjennom Dokument 8-forslag som gjer at Høgre i utgangspunktet er forsiktig med å støtta slike lovendringsforslag. Samtidig har Høgre tidlegare uttrykt støtte til større kommunalt sjølvstyre i den praktiske utøvinga av motorferdsellova, noko fleire av Senterpartiets forslag er inne på. Me er altså om ikkje heilt på linje, så iallfall ganske nært Senterpartiets intensjon om auka lokalt handlingsrom, og det står i kontrast til Arbeidarpartiets meir sentralistiske haldning og tilnærming i denne saka. Høgre fremjar difor saman med Kristeleg Folkeparti eit alternativt forslag der vi ber regjeringa leggja vekt på auka lokalt sjølvstyre i det komande lovforslaget, i tråd med fleire av momenta i forslaga frå Senterpartiet, framfor å støtta isolerte enkeltforslag no. Eg tek opp forslaget frå Høgre og Kristeleg Folkeparti.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat