Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 17. jun 2025

Innlegget
Her i debatten har ein framheva den krevjande situasjonen fylkeskommunane no står i med omsyn til kollektivløysingane på kysten, og spesielt dei aukande kostnadene til ferjer og hurtigbåtar, som er eit stort hovudbry for fylkeskommunane. Då synest eg det er veldig bra at det no etter kvart viser seg å verta eit godt og breitt fleirtal bak dette forslaget Senterpartiet og Framstegspartiet har framsett, som Høgre på alle moglege måtar stiller seg bak, nemleg det at me kan vidareføra den særskilte rentekompensasjonsordninga for ferjeavløysingsprosjekt. Det er ein konstruksjon Høgre var med og jobba fram i førre periode, og som me vidarefører etter 2027, som er den avgrensinga me i si tid sette. Dette vert ei lita handsrekking til Kyst-Noreg, og noko eg håpar vil føra til at me får fleire ferjefrie samband opp og ned langs kysten vår.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat