Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 19. jun 2025

Innlegget
Eg vil òg takka statsråden for utgreiinga. Det vitnar om at Havindustritilsynet og Equinor tek tak i saka og gjennomfører ei gransking på kvar si side. Det er sjølvsagt lett i etterkant å kritisera kva som burde vore gjort, og når det burde vore gjort. Det viktigaste av alt er kanskje at me kjem til botns i saka. Eg er heilt einig med førre talar om at openheit er viktig, om både årsak og prosessane rundt. Som statsråden seier, skal det vera trygt å gå på jobb. Det er heilt avgjerande at ein følgjer dei norske reglane når det gjeld både HMS og anna som gjeld for norske arbeidsplassar. Eg er trygg på at desse granskingane vil avdekkja det og sørgja for at me kjem på rett veg igjen i denne saka, som er svært uheldig for både selskapa og alle andre involverte aktørar. Det er mange som i dag besøkjer sånne anlegg langs kysten vår, og det er mange som jobbar der. Det at det er openheit rundt resultata av desse granskingane som kjem, for å skapa nødvendig tillit både til Equinor, til prosessanlegga generelt, og til at det er trygt å bevega seg på desse anlegga og besøkja desse anlegga, er sjølvsagt veldig, veldig viktig for samfunnet.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat