Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 20. jun 2025

Innlegget
Høgre fekk gjennomslag i Stortinget for sitt forslag om at straum og effekt som er ført fram til ferjelading, bør nyttast òg av andre aktørar, som lastebilar og bussar som ventar på ferja eller annan maritim transport. Etter at regjeringa no har jobba med dette i eit års tid, har dei konkludert med at det er så vondt og vanskeleg at ein skrinlegg heile forslaget. Det kjem fram i revidert budsjett under regjeringa si utkvittering av oppmodingsvedtaka. I Skipsrevyen frå måndag kan ein lesa eit innlegg frå ein aktør, ein tredjepart, som gjerne tek på seg å administrera ei slik ordning. Det vil frigjera effekt og straum til andre delar av næringslivet. Det vil få fortgang i omstillinga, og me vil raskare nå våre mål og klimamål. Det vil gje større moglegheit for elektrifisering av maritim sektor. Det vil frigjera kompetanse og administrative og faglege ressursar i fylkeskommune og stat. Det vil redusera offentleg risiko, og det vil frigjera kapital hos fylkeskommunar og staten, noko som gjer at me kan få betre ferjedrift for dei reisande. Det synest som denne regjeringa har litt aversjon mot at kommersielle aktørar skal inn og bidra i ein marknad der det offentlege i dag har einerett, så då legg ein bort denne moglegheita. Les ein grunngjevinga om kvifor ein ikkje vil gå vidare med saka, kan det synast som ein har leita med lys og lykte for å finna problem og ikkje sjå moglegheitene. Det fortel oss berre éin ting: Me treng ei regjering som vil ta marknaden i bruk. Det frigjer midlar me kan bruka betre, me kan få meir igjen for pengane, og me kan få opp nye næringar som òg kan eksportera varer, tenester og modellar som me no får testa ut lokalt. Den totale mangelen på nytenking og innovasjon gjer meg eigentleg ganske trist. Likevel gjer det meg endå meir sikker på at me treng ei ny regjering frå hausten av.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat