Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. okt 2024

Ove Trellevik
Ove Trellevik
Høyre·Hordaland

Innlegget

Då oppfattar eg det slik at dersom EU revurderer sine planar og sitt tempo framover, vil Miljøpartiet Dei Grøne støtta ytterlegare aktivitet på norsk sokkel – dersom EUs planar vert skuva på. Det er slik eg oppfattar det. Det er òg slik at vi her i Noreg har ein veldig stor offentleg sektor, omtrent dobbelt så stor som i EU. Det er ikkje tvil om at ingen land har vorte så vellykka som Noreg utan å ha ein sterk og livskraftig offentleg sektor. Privat sektor er, i motsetning til store delar av offentleg sektor, utsett for konkurranse. Det fremjar innovasjon, lønsemd, produktivitetsvekst og mykje velstand å ha ein god privat sektor. I den førre trontaledebatten, for eitt år sidan, sa representanten at ein må ha meir statskapitalisme i Noreg. Står representanten inne for same påstand i dag, når ein no tek til orde for å verta fullt medlem i EU?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat