Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. okt 2024

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

Innlegget

I usikre tider treng vi ei trygg styring for eit trygt og meir rettferdig Noreg, der alle har like moglegheiter, der fellesskapet og tilliten står høgt, og der forskjellane er små. Difor er eg «fole» glad for at det er Arbeidarpartiet og Senterpartiet som styrer landet, for i ei tid der vi ser auka polarisering og store forskjellar, treng vi eit land med sosialdemokratisk politikk, der ein prioriterer å redusere forskjellane mellom folk og sikrar at fleire kan delta og byggje eit sterkare fellesskap. Sidan Arbeidarpartiet tok over regjeringsmakta, har vi fått til mykje. Det er kome 140 000 fleire i jobb. Velferda er styrkt, og vi har prioritert billigare barnehage, lågare SFO-prisar og betre rammer for studentane. Vi har prioritert inkludering, auka barnetrygda, styrkt retten til heile og faste stillingar, innført pensjon frå første krone og sørgt for halverte ferjepriser eller gratis ferje. I krevjande tider har vi prioritert, og vi må alltid hugse på at sjølv i krevjande tider skal vi òg ha noko å leve av og noko å leve for. Denne regjeringa har vist at i sånne tider treng ein meir, og ikkje mindre, kultur, og difor har vi prioritert kultur i heile landet. Dessverre har vi sett at mange plassar har Høgre og Framstegspartiet fått makta i kommunane rundt om i Noreg, og der ser vi kva dei har prioritert. I motsetning til kva vi gjer i krevjande tider, ser vi at der er det kultur og inkludering av barn og unge som ryk først. Vi ser i kommune etter kommune, i Bergen og Oslo og mange andre plassar, at det er kulturen som ryk når dei får makta, mens Arbeidarpartiet i regjering set kultur i fokus. Det er eg glad for. Vi har framleis store forskjellar i samfunnet vårt, og det rammar spesielt barn og unge ekstra. Er det vanskeleg heime, kan det fort bli vanskeleg ute òg dersom ein ikkje har vaksne som stiller opp, og mange fell ut av skulen – nokon fell kanskje ut allereie i barnehagen. Likevel: Sjølv om utfordringane er store, kan vi gje mange ein betre oppvekst og kvardag. I ei tid der mange familiar slit ekstra økonomisk, er eg stolt over at vi i fjor og i år, saman med Idrettsforbundet, har løyva til saman drøyt 250 mill. kr direkte til klubbar i kommunar som har spesielt mange slike familiar. Slik kan dei klubbane, som fungerer godt til tross for at mange ikkje har betalt kontingent, inkludere endå fleire, uansett kva storleiken på lommeboka til foreldra er. Rolla til kultur, idrett og frivilligheit kan ikkje overvurderast. Arbeidarpartiet er oppteke av å skape eit tryggare lokalmiljø for folk og prioriterer fellesskap i lokalsamfunna og tilbod som fyller livet til folk med meining. I krevjande tider treng vi ikkje mindre av det, vi treng å styrkje frivilligheita, idretten og kulturen. Dei skapar tilbod over heile landet, inkluderer alle og gjev dei moglegheit til å ta del. Vi treng kulturtilbod som utfordrar oss og inspirerer oss, og vi treng dei fellesskapa ein finn på fotballbanen, i korpset og i frivilligheita. Viss vi vil ha eit samfunn der ingen står utanfor, må vi fortsetje å prioritere inkludering og deltaking. Difor er eg glad for at vi har prioritert idrett, kultur og ei sterk frivilligheit.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat