Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 3. okt 2024

Innlegget
Representanten Moxnes hadde eit historisk tilbakeblikk på store delar av den nasjonale klassekampen som har føregått i Noreg. Det er ei historie som ein god Arbeidarparti-representant kjenner godt til. Ein ting som blir eit veldig naturleg bindeledd når ein snakkar om den klassekampen og trekkjer parallellen til eit internasjonalt blikk på det som skjer ute i verda og det truande verdsbildet som er no, er korleis manglande tryggleik òg vil kunne påverke manglande velferd og manglande føreseielegheit for ei framtid òg i eige land. Eit poeng som representanten Moxnes ikkje tøtsja innom, er korleis ein etter Raudts syn kan oppnå det utan å ha eit samarbeid, utan å ha alliansar. Nettopp difor har eg lyst til å utfordre representanten Moxnes på kvifor dei så kategorisk har vore motstandarar av NATO-samarbeidet både i Noreg og i utlandet?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat