Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 3. okt 2024

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

Innlegget

Representanten Moxnes' linje om at vi skal vere vår eiga øy og putle med vårt og forhåpentlegvis kunne krysse fingrane for at vårt eige forsvar er nok til å stå imot dei store kreftene i verda, er ei haldning som minner meg litt om nokre amerikanske tendensar der ein skal byggje murar, der ein skal halde seg for seg sjølv, og der ein skal kutte samarbeidet. Eg er veldig bekymra for at den linja og den politikken – viss Raudt hadde fått gjennomslag – hadde medført veldig stor utryggleik. Angrepsallianse, blir det hevda. I 75 år har NATO vore ein forsvarsallianse, og han har gjort eit utruleg viktig arbeid for å tryggje alle dei no 32 medlemslanda i alliansen. Korleis meiner Moxnes og Raudt at vi skal kunne vere i stand til å forsvare oss – Noreg aleine?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat