Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. okt 2024
Innlegget
Det har vore særs interessant å følgja denne trontaledebatten. Som tidlegare ordførar i ein distriktskommune har det vore særskilt interessant å lytta til opposisjonen sin karakteristikk av dei mange distriktstiltaka denne regjeringa har valt å prioritera høgt. Det gjeld t.d. halvering av ferjeprisane og gratis ferje, sletting av studiegjeld for innbyggjarar busette i sentralitetsklasse 5 og 6, og ikkje minst halvering av barnehageprisane i det same området. I min heimkommune, Kvinnherad, har dei folkevalde frå alle parti omfamna desse ordningane. Med ordførar frå Høgre har eit samla kommunestyre no vorte så inspirert av ei regjering som ser, lyttar og kjem med distriktsretta verkemiddel, at dei lokalt har bidrege til å setja prisen endå eit hakk lågare. Kvifor kan dei bidra slik? Jo, fordi med denne regjeringa har omfordeling av inntekter og auka overføringar frå stat til kommune knytte til naturressursane våre vorte ein realitet. Sjølv om kommuneøkonomien no er under sterkt press grunna høg rente og prisvekst, har denne regjeringa skapa ein ny optimisme og eit grunnlag for å utvikla distrikta – ikkje avvikla kommunar og viktige tenester for innbyggjarar for å etterkoma effektiviseringspolitikken til høgresida. NRK omtala i ein reportasje for kort tid sidan barnehagetilbodet i mi nabobygd, Ølve i Kvinnherad. Barnehagen der hadde for få år sidan berre tre barn att. I mi tid som ordførar lytta me godt til bygda og bygdene ikring om viktigheita av å bevara tilbodet. Eg vert difor så inderleg glad når NRK i desse dagar, frå sitt distriktskontor på Stord, kan formidla at barnehagen no er stappfull av glade, energirike og flotte barn. Bygda opplever tilflytting og ein generasjon som flyttar heim att til bygda si. Mange av dei legg m.a. vekt på eit godt og trygt bu- og oppvekstmiljø. Næringsliv, innbyggjarar og folkevalde i distrikta ser no ein politikk som dannar grunnlag for utvikling og ikkje avvikling. Dette er ei retning eg og Senterpartiet har jobba lenge og målretta med i denne stortingsperioden, men som berre var å drøyma om tidlegare, under Solberg-regjeringa. Eg vonar Høgre og deira samarbeidspartnarar snart kan synleggjera for innbyggjarane kva for nokre av desse distriktsretta verkemidla dei kjem til å avvikla, om dei – mot det ein skulle venta – på ny skulle få makt. Distrikts-Noreg treng rom for utvikling, og det har så til dei grader Støre-regjeringa gjort greie for.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat