Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. okt 2024

Ove Trellevik
Ove Trellevik
Høyre·Hordaland

Innlegget

Mykje av fokuset til regjeringspartia er på meir velferd, og det er lite fokus på bedriftene og behova til næringslivet. Støre nemnde at bedriftene og næringslivet hadde eksportoverskot. Han nemnde ikkje at mykje av eksportoverskotet kjem av ei svak krone. Det er det meste av årsaka, spesielt langs kysten. I september har eg reist langs heile kysten frå Kristiansund i nord til Haugesund i sør og besøkt ei rekkje bedrifter i området mitt. Det er ei stor bekymring der ute for ordretørke no når effektane av oljeskattepakken minkar. Prosjekta begynner å verta ferdige, men det er ingen nye prosjekt som kjem inn. Oljeskattepakken skulle vera ein brubyggjar mellom oljeøkonomien og den nye satsinga innanfor f.eks. havvind, men det lèt venta på seg. Fasiten er ordretørke, frustrasjon og bekymringar. La meg nemna nokre konkrete saker som ville skapt vekst, framtidstru og utvikling om ikkje det var for politikken til regjeringa. I forhandlingar med SV har regjeringa trekt tre blokker for leiting etter olje og gass. 26. konsesjonsrunde kjem ikkje i det heile med denne regjeringa. Nye funn kunne bidratt til å halda fram med aktiviteten på verfta. Den ekstremt negative haldninga til Wisting-feltet frå regjeringa sin budsjettpartnar SV bidrog til at prosjektet vart lagt i ein skuff. Regjeringa har halvert satsinga på havvind i Sørlege Nordsjø Il, og heile prosjektet med ikkje å ha kablar til resten av marknaden har skapt ei stor usikkerheit rundt havvindsatsinga til Noreg. Satsinga er altfor usikker. Samanstillinga av turbinane kjem mest sannsynleg til å skje hos eksisterande verdikjeder og på eksisterande areal i Danmark. Dette erfarer eg no langs kysten. Utsira Nord var tenkt til fleire industriutviklingskonsept for å modna fram dei beste konsepta på verfta langs kysten før storskalasatsing på flytande havvind. Regjeringa vil no satsa alt på eit lodd, og verftsmiljøa langs kysten fryktar det verste, nemleg at heile havvindsatsinga vil gje minimalt med ringverknader langs kysten. Som følgje av regjeringas manglande evne til å få fart på kraftproduksjonen, har elektrifiseringa av sokkelen stoppa opp. Industripartnarskapet til regjeringa har havarert. Industrien står klar til å bidra med meir kraft, men det er heilt i det blå kor krafta skal koma frå. Elektrifiseringa av ferjer og båtar har stoppa opp, og summen av elektrifiseringsprosjekta kunne ha gjeve 37 000 årsverk totalt. Høgre har òg føreslått ei miljøteknologiordning for havbruk. Me har eit nedtrekk på fleire milliardar i volum på havbrukssektoren på Vestlandet. Den nye miljøteknologiordninga som låg gryteklar frå Solberg-regjeringa, er etter tre år enno ikkje komen. (Presidenten klubbar.) Det kunne gjeve mange, mange nye industriarbeidsplassar langs kysten vår, om me hadde fått satsa på ny teknologi.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat