Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. okt 2024

Innlegget
Det var ein gong ei lita bygd oppe i «dalom» som hadde nokon driftige eldsjeler. Dei starta ein sjuke- og fødeheim, og det er det me i dag kjenner som Hallingdal sjukestugu. Sjukestugua i Ål har blitt ein pilot, eit flaggskip innan samhandlingsreforma. Samarbeidet med sjukehuset på Ringerike og Vestre Viken helseføretak gjer at Hallingdal, der fem av seks kommunar tilhøyrer sentralitetsklasse 5, likevel kan måle seg med dei fremste i landet. Sjukestugua har 20 senger, der kommunane og helseføretaket betalar for ti senger kvar, og det er kvalitet i alle ledd, med dyktige fagfolk. På grunn av samarbeidet med sjukehus og føretak er Hallingdal sjukestugu blant dei fremste i landet, med topp moderne helseteknologi, og med tilbod om CT-undersøking 24/7, fordi ambulansepersonell er opplærde til å betene maskina, med overvaking og assistanse frå Ringerike. Sjukestugua har dialyse, kreftbehandling, røntgendiagnostikk, altså kunstig intelligens, for å nemne noko. Dette er altså midt i dalstroka innafor. Spesialistane kjem oppover frå Ringerike og behandlar pasientane på Ål, i staden for at alle som treng helsehjelp, reiser nedover. Dette er god samfunnsøkonomi, og ventetida går ned. For helseberedskapen i Noreg betyr lokale sjukehustenester mykje. Det løner seg å desentralisere det ein kan, og sentralisere der ein må. Det handlar om helsekvalitet, at han er god og forsvarleg, og det handlar om livskvalitet, om at familie og vener kan ha kortare reise for å besøke deg. Like viktig: Det handlar om beredskap i krisetid. Mange distrikt i Noreg har mange tilreisande. Under ekstremvêret Hans blei det herja kraftig i Hallingdal. Vegar blei stengde, infrastrukturen brøyt saman, det var skred og flaum, og fleire blei skadde. Me fekk god hjelp frå nasjonale helseteam, av statsforvaltar og innsatspoliti, men då blei Hallingdal ei øy, som Stein Torleif Bjella seier. Det at sjukestugua var der – med senger, utstyr og fagfolk døgnet rundt – gjorde at helseberedskapen blei vareteken, og at dei som blei verande, med eller mot si vilje, var trygge. Det var ei viktig forsikring for oss som skulle leie kommunen gjennom krisa. Me lever i ei uroleg tid. Framtida kjenner ingen, og helseberedskapen trengst i både byar og distrikt. Det var tre viktige bodskap helseminister Vestre fekk då han besøkte Ål i september, og dei er det viktig at også Stortinget høyrer: Helse-Noreg treng eit felles journalsystem for heile landet. Det trengst ein betre finansieringsmodell. Lokale helsesenter, som Hallingdal sjukestugu, bør bli pilotar for såkalla «hospital at home» og digitale helsetenester.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat