Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 4. okt 2024

Innlegget
Reindrift som næring, kultur og livsform er unikt både i nasjonal og i internasjonal samanheng. Noreg har eit internasjonalt ansvar for den siste store villreinstamma på Hardangervidda og i Nordfjella. Stamma i Nordfjella fortener 3 minutts merksemd. All villreinen i sone 1 blei skoten ned etter at det blei påvist skrantesjuke, eller CWD, i ei gamal simle i 2017. Det var og er dramatisk å skyte ned ei heil stamme. Folkevalde og forvalting i Nordfjella på begge sider av fjellet kjenner på det store alvoret og det internasjonale ansvaret i spesielt stor grad. Vestland fylkeskommune har òg engasjert seg. Kvaliteten på stamma blir dårlegare dess lengre tid det tek å reetablere ho med dyr frå sone 2. No er det etter siste jakt påvist ei omtrent 98 pst. friskmeld stamme. Ein har altså ikkje funne nokon sjuke dyr i sone 2 etter at stamma blei skoten ned i sone 1. No har det gått sju år, og me er mange som er urolege for at tida som går, gjer at miljøet og den praktiske og kulturelle kunnskapen blir mindre og etter kvart blir borte. Heldigvis har Stortinget følgt opp. Den 13. juni i år gjorde ein eit vedtak, nr. 786: «Stortinget ber regjeringa snarast mogleg reetablere villrein i Nordfjella sone 1 med villrein frå sone 2 når denne kjeldebestanden er friskmeld på bestandsnivå, slik at risikoen for resmitte er handtert på eit akseptabelt nivå.» Så er spørsmålet: Kva inneber eit akseptabelt nivå? Avgjerda vil ifølgje departementa kome i løpet av ein to–tre månadar. Det er difor viktig at alle medlemer av komiteane her i Stortinget – både klima og næring – følgjer opp vedtaket frå juni overfor departementa, slik at ein får sett i verk reetablering no, for det hastar. For å lukkast med reetableringa må alle krefter jobbe saman. Lokal villreinforvalting, ordførarkollegiet rundt Nordfjella – altså Ulvik, Aurland, Lærdal, Hemsedal, Ål og Hol – og Vestland fylkeskommune er heilt samstemde i bodskapen. Avslutningsvis har eg lyst til å vise til eit rykande ferskt vedtak i Vestland fylkesting frå 1. oktober, altså på måndag: «Vestland fylkesting føreset at reetablering av villrein i Nordfjella sone 1 vert sett i verk omgåande, i samsvar med vedtak i Stortinget 13. juni 2024.»
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat