Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 4. okt 2024

Torbjørn Vereide
Torbjørn Vereide
Arbeiderpartiet·Sogn og Fjordane

Innlegget

Eg har lyst til å nytte trontaledebatten til å seie noko eg har kjent litt på ei stund, og som eg har lyst til å seie rett frå hjartet. Det heng saman med denne ekle følelsen eg av og til får når eg ser korleis det politiske ordskiftet er i USA, når ein høyrer om korleis folk snakkar om kvarandre, med merkelappar og nedsetjande ord om korleis dei ein er ueinig med, har skumle intensjonar og eigentleg ikkje vil folk sitt beste eller tenkjer på deira ve og vel. Eg kjenner det er vondt. I dag har eg hatt besøk av ungdomar frå Eikefjord barne- og ungdomsskule. Elevane fekk til og med møte Jonas. Det er mange politiske saker eg kan snakke om når dei spør meg, men det viktigaste eg føler eg kan seie til dei, er dette: Alle desse folka frå Sogn og Fjordane eller andre valdistrikt eg er ueinig med, dei frå dei andre partia, er fine folk. Det er fine folk. Vi er ueinige, men det er fine folk som har sine kampsaker, og som har lyst til å gjere kvardagen betre for folk der dei kjem frå. Eg kjenner berre litt på det no, i etterkant av innlegga til ein av leiarane i eit opposisjonsparti, at det blei litt masse av tankegangen om at Noreg er eit u-land, og at dei som er ueinige med det partiet, ikkje nødvendigvis har dei beste intensjonane. Eg har likevel lyst til å fortelje den opposisjonsleiaren at eg framleis kjem til å snakke bra om vedkomande. Når folk spør meg på tomannshand kva eg eigentleg meiner om vedkomande som politikar, vil eg seie kva vi er ueinige om, men eg vil òg seie at det mennesket er bra på botnen. Dette er det veldig fort gjort å gløyme, og eg òg kan bli riven med i augeblikket, men eg tenkjer at barn og ungdom som ser på oss, lærer av oss. Dei følgjer med på kva vi gjer, og tek etter oss. Eg håpar at vi alle etter beste evne kan prøve å halde på det prinsippet – at når veljarar kjem bort til oss og spør kva vi eigentleg meiner om desse folka vi kranglar med i debattar og i andre flater, kan vi seie til dei at vi er ueinige, men at dei er fine folk på botnen. Takk.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat