innlegg · 7. nov 2024

Innlegget
President: Ingrid Fiskaa 1. Redegjørelse av utenriksministeren om viktige EU- og EØS-saker i 2024 2. Interpellasjon fra representanten Sveinung Rotevatn til utenriksministeren: «Vest-Sahara har status som Afrikas siste koloni, og størstedelen av territoriet har sidan 1975 vore okkupert av Marokko. Vest-Saharas folk har rett til sjølvråderett og sjølvstende, men dette blir nekta dei av Marokko. Regjeringa er tydeleg på at folkeretten gjeld overalt, for alle statar. På kva måte vil utanriksministeren bidra til å forsvara grunnleggjande folkerett i spørsmålet om Marokkos fortsette okkupasjon av Vest-Sahara?» 3. Interpellasjon fra representanten Mathilde Tybring-Gjedde til klima- og miljøministeren: «Den 14. oktober landet EU sin forhandlingsposisjon foran neste FN-klimatoppmøte, COP29, i Baku. Forhandlingsmandatet omhandler både ambisjoner for klimafinansiering, omtale av utslippsmål for 2040 og behov for mer fornybar energi. Hvordan stiller regjeringen seg til EUs vedtatte forhandlingsmandat, og hva er regjeringens ambisjoner på vegne av den norske delegasjonen før COP29 i Baku?» 4. Referat Presidenten [10:00:13]: Representanten Tellef Inge Mørland, som har vore permittert, har igjen teke sete. Presidenten [10:00:18]: Presidenten vil opplysa om at finanskomiteen har sendt brev til presidentskapet med ønske om utsetjing av fristane for budsjetthandsaminga, slik dei er nemnde i forretningsordenen § 43. Presidenten vil difor i medhald av forretningsordenen § 79 gjera framlegg om at Stortinget gjer unntak frå føresegna i § 43 tredje ledd om at finanskomiteen seinast 20. november skal leggja fram innstilling om nasjonalbudsjettet og statsbudsjettet. Komiteen vil då i staden leggja fram finansinnstillinga 29. november, og finansdebatten blir halden 5. desember. Som følgje av dette vil det ikkje vera mogleg for Stortinget å handsama budsjettinnstillingane frå fagkomiteane innan fristen 15. desember. Presidenten vil difor også gjera framlegg om at Stortinget gjer unntak frå føresegna i forretningsordenen § 43 sjette ledd om at budsjettinnstillingane frå fagkomiteane skal vera ferdig handsama seinast 15. desember. – Ber nokon om ordet? – Presidenten har altså gjort framlegg om at Stortinget gjer unntak frå forretningsordenen § 43 tredje og sjette ledd. Om ingen har innvendingar, ser presidenten det som vedteke. Ny tidsplan for framlegging og handsaming av budsjettinnstillingane vil om kort tid bli kunngjort. Før sakene på møtekartet blir tekne opp til handsaming, vil presidenten be om Stortingets samtykke til at voteringa i dag kl. 14 går ut. Er det nokon som har innvendingar mot presidentens framlegg? – Så er ikkje sett, og presidenten ser det som vedteke.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat