Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 21. nov 2024

Innlegget
Eg har lyst til å starte med å takke kultur- og likestillingsministeren for ei grundig utgreiing. Lat meg begynne med temaet viktigheita av ytringsfridom for demokratiet vårt og truslane som følgjer med utviklinga av kunstig intelligens og desinformasjon. Som mange allereie har sagt i dag: Ytringsfridomen er grunnsteinen i demokratiet vårt. Han gjev oss moglegheita til å uttrykkje våre tankar, meiningar og idear, og det er gjennom ytringsfridomen vi kan debattere, dele kunnskap og diskutere kva slags samfunn vi vil ha. Samtidig lever vi i ei verd der denne fridomen er under press, og bekymringar knytte til desinformasjon har vi sett fleire og fleire eksempel på i takt med at informasjonen òg spreier seg raskare enn nokosinne. Samtidig står vi overfor ei ny utfordring, utvikling av kunstig intelligens, som byr på mange moglegheiter, men som òg byr på ein del utfordringar. Der ser ein system som kan brukast til å manipulere meiningar, og til å undergrave ytringsfridomen når ein opnar debatten. Algoritmar i sosiale medium skaper ekkokammer der ein berre blir eksponert for synspunkt ein allereie er einig i, og dermed svekkjer ein mangfaldet av stemmer i debatten. Dette kan òg føre til ei ytterlegare polarisering av samfunnet vårt og ei svekking av den frie debatten. Her må vi vere på vakt. Heldigvis viser vi ganske stor tillit i dette landet, og vi har også tillit til redaktørstyrte medium. Det må vi hegne om, og vi har sett at ein aktiv mediepolitikk gjev resultat. Med eitt år igjen til valet bør vi òg sjå på kva alternativet til den aktive mediepolitikken vi har i dag, er. Eg er bekymra når eg ser på alternativa som Framstegspartiet har i sine programutkast, og forslag som er fremja i salen før om å fjerne mediestøtta og leggje ned NRK. Det meiner eg er uklokt. Eg trur det er viktig å ta med oss inn i debatten at vi heller ikkje vil tilbake til den tida då vi hadde ein statsråd frå Framstegspartiet som brende aviser fordi ein var ueinig.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat