Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. nov 2024

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

Innlegget

Eg er glad for at Noreg har toppa gode statistikkar når det gjeld både ytringsfridom og mediemangfald, men det har jo vore slik fordi vi ikkje har hatt den politikken som Framstegspartiet no vil ha, som å fjerne all pressestøtte og leggje ned NRK. Kva skjer då med dei redaktørstyrte media? Dette har vore grunnlaget for at vi har toppa dei nemnde statistikkane i mange år. Vi høyrer at Framstegspartiet snakkar varmt om ytringsfridomen. Samtidig går dei ofte i bresjen for ytringsfridomen når det passar dei. For meg er det ikkje å kjempe for ytringsfridom når ein, som Framstegspartiets representant Per-Willy Amundsen gjorde, boikottar avisa Nordlys i eitt år, eller når Christian Tybring-Gjedde oppfordrar til å boikotte Aftenposten. Ein kjempar heller ikkje for ytringsfridomen når ein blir så provosert av innhaldet at ein tvingar SAS til å trekkje tilbake heile opplaget av magasinet sitt, eller når ein vil brenne siste utgåve av ei lokalavis. Ein kjempar heller ikkje for ytringsfridomen når ein trugar med å trekkje tilbake den offentlege støtta til eit teater som har sett opp eit provoserande stykke, eller til ein organisasjon som ikkje er nøytral nok. Ein kjempar heller ikkje for ytringsfridomen når ein år etter år har forsøkt å kutte i pressestøtta, og når ein tek til orde for at avisene først er frie når dei er utan økonomisk støtte. Vi bevarer ytringsfridomen best når vi opprettheld og aukar pressestøtta og sørgjer for at dei redaktørstyrte media kan få gje ut den gode, kritiske journalistikken som dei gjer. Vi treng ein aktiv mediepolitikk òg for å verne om ytringsfridomen i framtida.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat