Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. nov 2024

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

Innlegget

Debatten har eigentleg berre konstatert at viss høgresida igjen skulle få makta, blir ideologi igjen det viktigaste – å privatisere der ein kan privatisere. Her snakkar vi om dei mest sårbare barna i samfunnet. Arbeidarpartiet meiner at kvar einaste krone bør gå til å hjelpe dei ungane, ikkje til kommersiell profitt. Det er ikkje berre når det gjeld barnevernet ein har ideologiske skylappar; dette er gjennomgåande og gjeld òg i synet på f.eks. helsevesenet. Der har ein sett at generell tilgang til midlertidigheit betyr at det blir større bruk av innleie, brukarane får fleire folk å forhalde seg til, og kompetansen blir vanskelegare å utvikle på kvar enkelt arbeidsplass. Det er sløseri med både folk og pengar. Den situasjonen vi har i barnevernet i dag, har vi arva frå førre regjering. Solberg-regjeringa bestilte og fekk ei rekkje rapportar – òg kritiske – frå mange, bl.a. helsetilsynsrapportar, og ein kunne ha følgt opp ein del ting som hadde gjort at ein hadde vore betre stilt i dag. Regjeringa leverer snart ei kvalitetsreform og har i inneverande år òg satsa på det statlege tilbodet. Det viser at vi er i gang, og vi gjer det fordi kvar krone bør gå til å hjelpe dei ungane som treng det aller, aller mest. Vi veit at viss vi satsar på det offentlege og dei ideelle, får ein betre kvalitet i barnevernet fordi ressursane blir i barnevernet framfor å forsvinne ut i kommersielle selskap. Omsynet til ungane og behovet for å sikre inngrep på lavast mogleg nivå sikrar at ein får dei beste tenestene, der ein ikkje har som føremål å tene pengar. Gjennomgåande har det vist seg at profitt er eit svært dårleg motiv for å drive barnevern.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat