Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 21. nov 2024

Åse Kristin Ask Bakke
Åse Kristin Ask Bakke
Arbeiderpartiet·Møre og Romsdal

Innlegget

Eg vil starte med å seie takk til dei som har sett saka på dagsordenen, og som gjer at vi får lov til å diskutere ho her i dag. Mange av dagens barn og unge lever store delar av livet sitt på nett. Her spelar dei, kommuniserer med kvarandre, deler bilde og informasjon og hentar inspirasjon til nye trendar. Det er likevel òg nokre baksider ved dette. Som forslagsstillarane tek opp, blir dagens barn og unge – og stadig yngre barn – eksponerte for porno. Sjølv om dette ikkje er ein debatt om digitaliseringa som har skjedd for fort, er vi jo alle bekymra for både tidsbruken, dei unge si psykiske helse og kva informasjon ungane våre får tilgang til på nett. Med den utviklinga vi ser, der barn og unge har dårlegare psykisk helse, blir utsette for meir reklamepress og møter på ueigna innhald, bør vi vere bekymra. Difor har regjeringa bl.a. stramma inn på bruk av skjermar i skulen, sett ned eit skjermbrukutval, laga nasjonale retningslinjer for barnehage- og skuleeigarar, laga ei stortingsmelding om trygg digital oppvekst og auka aldersgrensa for sosiale medium til 15 år. Når det er sagt, må vi som politikarar i sånne saker som dette òg hugse å puste litt med magen og tenkje oss om, for vi kan ikkje forby alt vi ikkje likar, og vi må frå staten si side ikkje overstyre landets kommunar i vår gode iver etter å gjere noko med problemet. Vi har eit kommunalt sjølvstyre, som vi i Arbeidarpartiet har stor respekt for, og det å vedta noko som vil overstyre kommunane, er vi heller ikkje interesserte i å gjere. Vi stemmer difor ned forslaga. Det gjeld spesielt forslag nr. 2, som eigentleg er svært inngripande, der ein òg vil sensurere kva folk kan gjere i sine private heimar, fordi dei bur i kommunale bustader. Her er vi opptekne av demokratiet og ytringsfridomen, og me overlèt eigentleg vurderingane om kva kommunane skal gjere, til dei sjølve fordi dei kjenner sin kommune best. Difor seier vi nei til å sensurere kva folk skal få av informasjon, og stemmer då som sagt ned forslaga, samtidig som vi jobbar vidare med fleire grep for å sikre endå betre beskyttelse av barna og ungane våre, òg på nettet.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat