Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 3. des 2024

Hans Inge Myrvold
Senterpartiet·Hordaland

Innlegget

Hans Inge Myrvold (Sp) [17:09:55] (ordførar for saka): Som saksordførar vil eg kort gjera greie for komiteen si handsaming i det som har vore ei ganske omfattande sak, og dei forslaga som ein samla komité i dag tilrår for Stortinget. Bakgrunnen for saka er eit representantforslag om ein reell handlingsplan for sirkulær økonomi. Representantforslaget presenterte i alt 19 forslag, som gjennom handsaminga i komiteen har ein utgang på 38 forslag frå eit mindretal, og 3 forslag frå ein samla komité i tilrådinga. Eg syner òg til svarbrevet frå statsråden til komiteen, der det kjem fram at regjeringa i mars i år la fram handlingsplanen for sirkulær økonomi – eit dokument som synleggjer både rammene for arbeidet og ikkje minst framdrifta i reelt å skapa ei endring i samfunnet. Det vert levna liten tvil, heller ikkje i stortingssalen i dag, om at samfunnets ressursar må reduserast, samstundes som me må styrkja konkurransekrafta vår. Dei siste 50 åra er verdas ressursbruk meir enn tredobla, og ifylgje FNs ressurspanel er forbruket av ressursar den største årsaka til klimaendringar, forureining og tap av naturmangfald. Regjeringa la i handlingsplanen til grunn eit stort utvida arbeid frå ei ekspertgruppe, om å sjå på kva verkemiddel som kan fremja sirkulære aktivitetar for å gje betre utnytting av dei samla ressursane våre. Mange av forslaga som vert fremja i dag, har mange gode intensjonar. Samstundes er det viktig at me får faglege utgreiingar som synleggjer konsekvensar og omfang på ein tydeleg måte. Dette vil m.a. ekspertgruppa som eg omtalar, bidra til. Eg vel å tru at dei partia som står bak mindretalsforslaga, gjer greie for synet sitt rundt dei. Avslutningsvis vil eg framheva dei tre forslaga som ein samla komité står bak. Komiteen ber regjeringa greia ut verkemiddel som sikrar auka materialgjenvinning av isolerglasruter, og om at dette omfattar eventuelle forskriftsendringar og utvida produsentansvar. Vidare legg komiteen til grunn strengare krav om utnytting av spillvarme frå m.a. industri, avfallsforbrenning og datasenter. For det tredje ber komiteen regjeringa sikra pantesystemet vårt for drikkeflasker, som er eit verdsleiande sirkulært system som no vert utfordra av nye EU-krav. Med det ser eg fram til ein effektiv og ressurskritisk debatt, som siste sak på dagsordenen.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat