Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 3. des 2024

Innlegget
Arbeidarpartiet har gått i front for rettane til kvinner og kjempa fram abortlova i 1975 og lova om sjølvbestemt abort i 1978. Eg er kry av at vi heile tida har stått støtt på retten til å bestemme sjølv i abortsaka som ein grunnleggjande verdi i Noreg. Abortlova vi har i dag, har stått seg lenge, sjølv om ho i nyare tid har blitt utfordra av tidlegare regjeringar. Når vi no diskuterer å endre og fornye abortlova, er det nettopp for å styrkje retten kvinna har til å bestemme sjølv. No står vi også i front for neste skritt i abortomsorga. Når vi ser korleis praksisen av abortlova har stått seg i mange år, har vi òg erfaringar som har vist oss nokre ulemper. Då meiner eg det er heilt rett at vi endrar ho, fornyar ho og gjer ho meir moderne for dagens kvinner, men ikkje minst for neste generasjon, som kjem etter oss. Mange kvinner som må gå gjennom nemndbehandling, fortel sjølve at dei opplever det som vanskeleg. Nettopp difor gjer vi desse endringane, for vi veit at vi kvinner veit sjølve kva som er best for oss og vår situasjon. Difor er det heilt rett å avvikle nemnda til veke 18. Eg vil ta nokre fakta, så det er klart i saka, for vi har gode tal på det: Vi veit at alle som finn ut at ein er gravid og ikkje vil behalde barnet, som regel tek abort så tidleg som dei kan. Det viser òg statistikken vi har. 95 pst. av alle abortar skjer før veke 12, og heile åtte av ti abortar skjer før veke 9. Det seier oss eigentleg heilt klart at ingen ventar lenger enn dei må med å ta abort. Difor er dei endringane vi no skal gjere, heilt rett, meiner eg, og dei er òg nødvendige for å tilpasse oss dagens praksis og framtida. Til slutt: I dag er ein historisk dag. For alle kvinner som lever i dag, og for kvinner i framtida og neste generasjon, får vi styrkt våre rettar, og vi får eit fleirtal i Stortinget som står opp for retten kvinner har til å bestemme sjølve.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat