Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 5. des 2024

Innlegget
Med Arbeidarpartiet i regjering prioriterer vi kultur i heile landet, i motsetning til Framstegspartiet i sitt forslag, som kuttar mange milliardar til kultur. Dette vil ramme barn og unge ved at dei ikkje lenger har tilgang til bibliotek eller skulebibliotek. Teatera i landet og festivalar vil ikkje lenger få støtte og vil kunne forsvinne frå bygd og by. Då vi tidlegare i denne perioden behandla statleg eigarskap, føreslo Framstegspartiet å selje oss ut av Carte Blanche, Den Nationale Scene, Den Norske Opera & Ballett, Filmparken, Nationaltheatret, Rogaland Teater, Talent Norge og Trøndelag Teater, og i tillegg til det avvikle Norsk Tipping, noko som vil bety ei rasering av frivilligheita og idretten. Og ikkje nok med det, i tillegg vil ein sende NRK på børsen. Frå første til siste forslag vil eg kalle dette beint fram unorsk. Er det slik å forstå at om Framstegspartiet får styre kulturpolitikken framover, så er det slutt på Noreg slik vi kjenner det?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat