Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 5. des 2024

Innlegget
Kuttiveren til Framstegspartiet stoppar ikkje berre med kulturen. Dei føreslår òg å kutte fleire hundre millionar kroner til Den norske kyrkja. Det kan vel ikkje tolkast som noko anna enn ei rasering av folkekyrkja, noko som er dramatisk for alle lokalkyrkjene våre over heile landet. Det skapar stor usikkerheit for alle tilsette i lokalkyrkjene dersom Framstegspartiet skulle få makta neste år. I forslaget til partiprogram vil dei òg fjerne alle pengane som går til trussamfunna, så dette budsjettforslaget er vel berre ein forsmak på kva Den norske kyrkja og den norske befolkninga kan vente seg med Framstegspartiet. Det bør alle, både dei som går i kyrkja jamleg, og dei som berre er der ved høgtider, merke seg. Eg lurer på om det er ein slags ny – men ikkje så hyggjeleg – juletradisjon viss Framstegspartiet skulle få makta, at ein begynner med f.eks. inngangspengar for å kome inn i kyrkja?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat