Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 12. des 2024

Innlegget
Takk til statsråden for forklaringar og betraktningar, men eg skulle gjerne ha sett at dei tiltaka han har sett i verk, hadde hatt ein verknad. Det er eit paradoks at det enno ikkje har gjeve resultat. Også Høgre i regjering auka løyvingane betydeleg, men me gjorde det saman med ei jernbanereform som gav fleire togtimar, fleire moglegheiter for at passasjerane kunne bruka toget. Saman med jernbanereforma var vår prioritering av utbygging og vedlikehald den største satsinga på norsk jernbane på over 50 år. Høgre er einig i at løyvingane til drift og vedlikehald framleis må aukast. Me har støtta dette både i vår alternative NTP og i vårt alternative budsjett. Det me er bekymra for, er at statsråden ikkje følgjer opp Riksrevisjonens kritikk av at auka løyvingar ikkje har resultert i ein betre infrastruktur, for det er ikkje nok berre å løyva pengar. Høgre vil nok ikkje bruka dei auka løyvingane på å tilsetja fleire folk i Bane NOR. Me vil ta i bruk ein velfungerande entreprenørmarknad og setja det i arbeid. Ja, me trur at det vil gje betre innovasjon og meir igjen for pengane. Statsråden viser til at budsjetta er auka, men korleis sikrar statsråden at dei midlane vert brukte best mogleg? Korleis vil statsråden følgja opp at toga er meir i rute framover? Har han tru på at det vil snu, slik at ein kan lova forbetring i togtalen for 2025? Me må spørja oss: Er det slik at Bane NOR bør koma tilbake til kjerneoppgåvene sine og levera infrastruktur som fungerer, og at andre oppgåver kanskje bør takast ut? Togselskapa betaler for å bruka infrastrukturen, og dersom infrastrukturen ikkje fungerer, må det jo liggja eit lite ris bak spegelen for Bane NOR, som det gjer for dei andre i transportsektoren. Eit av de viktige tiltaka er sjølvsagt ERTMS, som også statsråden var innom i innlegget sitt, altså det nye signalsystemet. Mindre enn eitt år etter at Bane NOR laga ein ny plan for implementering, fortel no regjeringa oss i budsjettet at dette må «replanleggast». Det er òg litt oppsiktsvekkjande. Kva har statsråden gjort det siste året for å sikra at ERTMS kan løysa noko av denne utfordringa? Det er mange spørsmål eg håper statsråden kan koma nærare inn på i sitt neste innlegg.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat