Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. des 2024

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Tusen takk til alle som har delteke, for ein god debatt. Det set me stor pris på, og eg er sikker på at dei pendlarane som står der ute, òg set stor pris på at dette vert teke på alvor. Representanten Erlend Larsen var innom at Riksrevisjonen har vore tydeleg på at det ikkje berre er pengar som skal til, men styring av dei pengane. Der har statsråden eit stort ansvar. Mangel på samordning betyr ikkje at me treng monopol. Det har heller ikkje tidlegare vist seg å vera svaret. Eg merka meg at statsråden sa at det nye signalsystemet ERTMS var litt forseinka. Eg vil påstå at det er ei relativt stort underdriving. Moglegvis kan statsråden kommentera det litt meir. Representanten Blikra meinte at konkurranse ikkje verkar, men det har me faktisk bevis for. Representanten Kristin Ørmen Johnsen var innom både ein TØI-rapport og studiar frå Europakommisjonen som viser at konkurranse verkar. Det har me sett i mange tilfelle. Representantane Anne Kristine Linnestad og Kari-Anne Gjønnes var begge innom at det har vorte betre for dei reisande når me har fått konkurranse på skinnene. Så med respekt å melda: Me har ikkje fått bevis for at direktetildeling, som denne regjeringa no er inne på, er det som skal gje eit betre tilbod til dei reisande. Det er behov for å fortsetja arbeidet med å utvikla jernbanesektoren. Me er ueinige med Støre-regjeringa, som meiner at løysinga er gjenoppretting av store statlege monopolselskap. Me konstaterer at me rett og slett har forskjellig tilnærming til løysinga på dette. For Høgre er det viktig å lytta til pendlarane og behova deira, som representanten Tage Pettersen var innom. Det handlar om informasjon, det handlar om rask respons, det handlar om at tog ikkje er i rute, og at alternative transportløysingar ikkje kjem raskt nok på plass. Dette må det verta ei endring på. Så er det dei meir langsiktige forpliktingane me må svara opp. Eg trur nok at viljen er til stades. 2025 vil visa oss om evna til å setja i verk nokre av dei tiltaka statsråden har peika på, er på plass. Me er meir enn villige til å drøfta gode løysingar, men tida for store og tungrodde statlege selskap trur me er forbi. No må me møta framtida med meir moden teknologi og moden tenking. Foreløpig har me ikkje vorte rolegare, men kanskje kan statsråden koma med sine avslutningskommentarar og gjera oss rolegare.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat