Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. des 2024

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Eg er veldig glad for at denne interpellasjonen har vorte reist. Det handlar om skredulykker, turistar og dei snøkøyrande. Vanlegvis jobbar vår komité, som er transportkomiteen, med veg og bane, men problematikken er den same: Korleis skal me mest mogleg effektivt hindra ras og skred og vera i forkant med varsling av ras og skred? Det ligg store moglegheiter i digitalisering og ny teknologi. Berre dei siste åra har ein bidrege til å kunna sikra fjellet, veg og bane langt betre enn ein kunne for berre få år sidan. Høgre meiner at me i mykje større grad kan utnytta teknologi for å sikra liv og helse, jobba smartare og få meir igjen for pengane. Det er ikkje alltid fysiske tiltak er svaret. Sensorteknologi kan langt på veg dekka opp behov ein har. Dette går inn mot ras og skred – varsling og deteksjon av potensielle skred. Stiftelsen NORSAR viser f.eks. til at teknologi i større grad kan bidra til å installera varslingssystem for ras og skred, noko som bidreg til større sikkerheit og hurtigare tiltak enn det fysiske tiltak kan bidra til. Andre teknologiselskap har utvikla teknologi som bereknar snølast i sanntid, og etter kvart vil kunstig intelligens skapa algoritmar som kan «forecasta» antatt skredfare i fjellet, basert på vêrvarsel. Dette vert òg brukt i dag. Noreg burde vore eit føregangsland for å testa ut denne teknologien, nettopp fordi me bur i eit land der me har problematikken tett på, og fordi utrulling av slik teknologi kan bidra til å redda menneskeliv, både turistar og leitemannskap, som utset seg sjølv for potensielle farar. Gulrota som ligg bak, er sjølvsagt at slik teknologi kan brukast på mange område. I tillegg til å gje tryggleik for dei som bevegar seg i fjellet, kan det gje effektiv bruk av folk og bemanning, men òg ha ein viss overføringsverdi til andre bruksområde. Ikkje minst kan det setja Noreg på kartet som ein testarena, og gjennom det trekkja til seg utanlandske investorar og utviklarar, som igjen kan generera arbeidsplassar. I denne samanhengen må regjeringa leggja til rette for at denne typen utprøving kan finna stad. Regelverk må på plass, og eventuelle problemstillingar må avdekkjast og avklarast. Me håpar at regjeringa ser dette som eit kinderegg i arbeidet med å sikra fjellet for våre fjellfarande. Diverre vart ikkje regjeringspartia med på ein litt offensiv merknad som me la inn i budsjettinnstillinga, men me håpar likevel at dei tek med seg våre gode tankar inn i sitt vidare arbeid. Det hadde vore veldig bra om statsråden kunne koma inn på dette i sitt avsluttande innlegg.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat