Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 12. des 2024

Per Ivar Lied
Senterpartiet·Møre og Romsdal

Innlegget

Det er 108 som sidan 2008 har mista livet i snøskred i Noreg, som det blei nemnt – halvparten av dei i Troms. Det er også mange på Vestlandet, i fylket mitt, Møre og Romsdal, og på Svalbard. Vi har også ein del dødsulykker, skredulykker, rundt skisentera. Vi får mange fleire besøk frå utlandet, og det er som sagt ein villa strategi. Vi ønskjer at fleire skal kome til Noreg, både for at dei skal få oppleve det Noreg har å tilby, og for at næringslivet og lokale aktørar skal få vekse og få fordelar av det. Det kjem folk med erfaring, men det kjem også folk utan fjellerfaring. Nokre kjem med guidar frå heimlandet. Det er sjølvsagt bra at dei tek med guidar, men det er noko anna å guide i Noreg, med vêr- og fjellforholda våre, enn det er ute. Eg har sjølv gått og klatra mykje – og gjer det – i fjellet. Eg har budd fleire år i Alpane. Vi kjøpte skredsøkjar i 1994. Då måtte vi importere det frå USA, det var ikkje vanleg her. Det har skjedd utruleg mykje på fleire område, som utstyrsfronten, med vêrvarslinga, som har blitt meir omfattande og treffsikker, og ein fokuserer på kompetanseheving. No er det mange skredkurs i heile Noreg kvart einaste år, og det har skjedd mykje med tanke på guidar, oppdatering og ikkje minst informasjon, som statsråden var inne på, med Varsom og Regobs. På Regobs registrerer folk eigne skredobservasjonar, og Varsom har både snøskred, flaum- og jordskred og fjellskred. Meteorologisk institutt har også mange spesialiserte varsel som gjeld meir for sommaren. Dette er geografiske varsel, regionvise, og det er kategoriar frå 1 til 5, som gjev rask oppdatering om forholda i dag, men dei gjev også meir utfyllande tekst. Som eit døme seier Varsom i dag nettopp at det er stor skredfare i Troms og Finnmark. I desse ulykkene der 108 mista livet, var 66 pst. flakskred, som kjem av svake lag og i stor grad vind. Det er kanskje grunnen til at dei fleste skjer i Nord-Noreg. Varsom har engelsk tekst, det er utruleg bra. Det ligg generell informasjon der om «ski touring» og om systemet og appen, og det har dei siste par åra også vore daglege online guide-møte for dei som er f.eks. i Lyngen. Det er utvikla ein skiguide-app som tek føre seg heile Noreg, men mest Troms. Det har skjedd i samarbeid med CARE, Center for avalanche research and education, som blei nemnt, og spesialiserte selskap som driv vinterturisme i Troms. Det ligg mykje informasjon ute, det er utvikla mykje informasjon. Mykje av utfordringa er kanskje å få dei utanlandske til å bruke denne informasjonen. Det er i dag ingen kompetansekrav til guidar. Eg googla og fann at det var om lag 3 500 firma som driv med guiding i Noreg. Alle kan kalle seg fjellførar. I andre land er det heilt andre krav. I Sveits, Austerrike og Italia er det berre internasjonalt sertifiserte guidar som kan ta med folk på tur i skredterreng og i høgfjellet mot betaling. Det er fleire i Noreg som sertifiserer, både Nortind og DNT, som etablerer standardar, ein har etablert Norsk Fjellsportforum, og ein har utdanning innanfor naturguiding og fjellføring på både høgskule og universitet. Informasjon, bruk av tilgjengeleg informasjon og krav til guidar i enkeltområde kan kanskje vere noko å vurdere. Til slutt vil eg nemne NARG, altså Norske alpine redningsgrupper. Når uhellet er ute, er dei ei fantastisk støtte. Dei gjer ein utruleg frivillig innsats. Det er viktig at også det offentlege støttar opp under NARG, med både helikopter og anna.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat