Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 14. des 2024

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Me hadde mange gode høyringsrundar om dette budsjettet, og omtrent alle fylkeskommunar kom med ei klar tilbakemelding om at det var manglande finansiering til vedlikehald av fylkesvegnettet og manglande fullfinansiering av gratis ferjedrift. Det har bidrege til auka kostnader for andre kollektivreisande, og det trekkjer ned andre fylkeskommunale oppgåver, som f.eks. skular. Det har trigga Høgre til å gjera viktige omprioriteringar, nettopp med å bidra til at fylkesvegane får meir pengar. Eg merka meg at representanten frå Senterpartiet sa i eit replikksvar at me kuttar i fylkeskommuneoverføringar. Det er med respekt å melda ikkje riktig. Eg kunne tenkja meg å spørja representanten frå Arbeidarpartiet: Synest ho at fylkeskommunane har fått nok midlar til å handtera desse oppgåvene?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat