Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 14. des 2024

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Det er grunn til å undra seg litt over at SV vel å stå utanfor viktige merknader som har ein tydeleg miljøprofil og eit tydeleg miljøstempel, der mellom andre Høgre er inne. For oss framstår dette litt som ei total underkasting for regjeringspartia, og at det er Senterpartiet og Arbeidarpartiet som definerer miljøprofilen til SV. SV har i eige budsjett prioritert meir midlar til grøn omstilling i anleggssektoren. Men meiner SV verkeleg at verkemiddelpakken frå regjeringa for å redusera utslepp, f.eks. frå anleggsplassar, som ligg i Grøn bok, er god nok?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Liv Kari Eskeland (Høyre) — Replikk · 14. des 2024 — OverStortinget