Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Replikk · 14. des 2024

Innlegget
I sitt alternative budsjett har SV lagt inn 700 mill. kr ekstra til vedlikehald av fylkesvegar, som dei dessverre heller ikkje fekk gjennomslag for. Høgre har i sitt alternativ lagt opp til ei omprioritering, som gjer at me får 500 mill. kr ekstra til vedlikehald av fylkesvegar. Me er altså ganske einige om problembeskrivinga, men heller ikkje her har SV valt å gå inn i merknadene våre. Det same gjeld for ladeinfrastruktur til maritim transport og til tungtransport langs kysten. Det handlar om underfinansiering av fylkeskommunane slik at ein må auka kollektivsatsane, det handlar om miljøkrav til ferje og hurtigbåt og krav til kystruta. For oss vert SV veldig anonyme og lite gjenkjennelege i dette budsjettet. Korleis tenkjer representanten det vert å fremja primærstandpunkta til SV når ein i realpolitikken vert møtt med at ein støttar den ganske slappe miljøpolitikken til regjeringa?
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat