Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Replikk · 14. des 2024

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Det var med respekt å melda ikkje full stans i fiskerihamnutbygging under førre regjering. Det vart faktisk gjort ganske mykje for dei fylkeskommunane som ville ta det ansvaret. Det var ikkje alle som ville det. Når det er sagt: Manglande avklaringar, utsetjingar og brotne lovnader frå denne regjeringa har vore krevjande for maritim næring å forhalda seg til. Me har hatt aktørar som har stolt på det som har vore sagt frå regjeringa, og dei har rigga seg for å møta konkurranse, men så vert dei diverre møtte med løftebrot. Eg kan nemna innføring av nullutsleppsferjer og -hurtigbåtar, nullutslepp i verdsarvfjordane, og den etterlengta avtalen om maritimt klimapartnarskap, som det var forhandla om i to år, nektar kystreiarlaga å signere. No har regjeringa ei gyllen moglegheit til å retta opp litt av dette inntrykket dersom dei i løpet av 2025 fastset kriteria for dei nye anboda for Kystruten. Det var ein merknad regjeringspartia ikkje ville gå inn i, heller ikkje SV, men for næringa er det avgjerande viktig for å få tid til å jobba. Når vil dette verta presisert?

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Liv Kari Eskeland (Høyre) — Replikk · 14. des 2024 — OverStortinget