Videoopptak

Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.

Lås opp opptak →

Innlegg · 14. des 2024

Liv Kari Eskeland
Liv Kari Eskeland
Høyre·Hordaland

Innlegget

Eit budsjettarbeid som starta tidleg i haust, vil etter denne dagen kulminera i eit budsjett etatane skal styra etter det neste året. Sjølv om me er einige om mykje, er det likevel ting me meiner burde vore gjorde annleis. Det var eit håp om at eit relativt grått budsjett på samferdselssektoren skulle få eit grønare preg etter forhandlingar med SV, men eg må vera så ærleg å seia at me her vart grundig skuffa. SV hadde store ambisjonar i alternativet sitt, men fekk ingen gjennomslag på samferdselsfeltet, bortsett frå planleggingsmidlar til Vestfoldbana, som Høgre òg er glad for at kom på plass. Dermed framstår Høgre og andre borgarlege parti meir ambisiøse, meir framtidsretta og med større tru på næringslivet inn mot det grøne skiftet enn regjeringa saman med SV gjer. Dette handlar om auka midlar til Hurtigbåtprogrammet, om å få sett tydelege føringar for krav til kystruta i anbodet og om ladeinfrastruktur i samband med døgnkvileplassar, samtidig som det vert billegare å kjøpa elektriske varebilar framfor fossilbilar med vårt alternativ. Gjennom gode høyringsrundar til budsjettet fekk me viktige innspel. Eitt av desse var frå eit unisont fylkeskollegium og KS, som meinte at fylkesvegar var sterkt underfinansierte med tanke på drift og vedlikehald. Dette har Høgre teke konsekvensen av og omprioritert midlar frå riksvegar til fylkesvegar. Det gjer me for å gjera fylkeskommunane betre i stand til å ta vare på det dei har. Det vert løyvd meir pengar per kilometer riksveg enn per kilometer fylkesveg. For riksvegane utgjer denne reduksjonen ein mindre andel, men for fylkeskommunane og fylkesvegane betyr det eit betydeleg løft. Høgre er òg tydeleg på at ein skal halda fram arbeidet med å redusera vedlikehaldsetterslepet på riksvegane våre, noko regjeringa Solberg gjorde kvart år i regjering fram til og med 2015. I 2025 vil vedlikehaldsetterslepet på riksvegar verta redusert med Høgre sitt budsjettforslag. Samtidig er det viktig å følgja opp Riksrevisjonen sine anbefalingar om vedlikehald av fylkes- og riksvegar, som viser at auka løyvingar til drift og vedlikehald ikkje har gjeve gode nok resultat. Berekningane tyder på at tilstandsbasert vedlikehald vil gje ein effektiviseringsgevinst. Her er det viktig at ny teknologi òg vert teken i bruk for å detektera behov. Sensorteknologi kan detektera og dokumentera vedlikehaldsbehov, noko som gjer tilstandsbasert vedlikehald meir effektivt enn periodisert vedlikehald. Dette er ein teknologi som i varierande grad vert teken i bruk, men me opplever heldigvis ei aukande interesse i fleire sektorar. Blant anna Bane NOR har faktisk teke han i bruk, og det med hell. Det Bane NOR derimot ikkje har kome i gang med, er å utnytta fiberkablane langs linja for å detektera ras, skred og dyrepåkøyrslar. Med vel 4000 km bane dekt med fiberkabel er det no godt tilrettelagt for å ta i bruk teknologiske løysingar for å hindra dyrepåkøyrslar. Dette aleine utgjer kostnader på 25–35 mill. kr per år, og då er ikkje forseinkingar og innstillingar tekne med i kostnadsanslaget. Sett i lys av debatten dei siste dagane, og i eit forsøk på å finna gode inngangar til å ta ned forseinkingar på tog, har me føreslått at det vert sett i verk eit testprosjekt der ein tek i bruk sensorteknologi – diverre utan regjeringa si støtte. ERTMS er sett i drift på Gjøvikbana, men at ERTMS og nye tog viser så store forseinkingar i framdrift, er sjølvsagt svært, svært bekymringsfullt. Me undrar oss over at statsråden aksepterer at det ikkje ligg føre gode framdriftsplanar. No er det på tide å leggja breisida til for å få fortgang i prosessane.

Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat

Liv Kari Eskeland (Høyre) — Innlegg · 14. des 2024 — OverStortinget