Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 14. des 2024

Innlegget
Me har gjennom denne veka fått grundig debattert den kritiske situasjonen for avvikling av togtrafikken rundt Oslo, dessverre utan at togpassasjerane kan gå lysare tider i møte – iallfall ikkje på kort sikt, ettersom statsråden var svært forsiktig med å koma med nye lovnader om snarleg betring. I debatten, og for så vidt òg frå representanten Blikra her frå talarstolen, er det likevel kome nokre påstandar som me må imøtegå. For representanten Blikra handlar det om at ideologi trumfar fakta. Påstanden om at jernbanereforma har ansvar for togkaoset, er faktisk umogleg å dokumentera. Det kan verken Blikra eller statsråden gjera. Men at det må jobbast med kultur, ansvar og ansvarsforhold mellom aktørane, er udiskutabelt. Det har òg kome påstandar om at konkurranse ikkje verkar. Debattane denne veka har avdekt at Arbeidarpartiet køyrer vidare med dei ideologiske skylappane sine og held fram korstoget med direktetildeling og monopolisering, sjølv om ein heller ikkje her kan leggja fram dokumentasjon på at konkurranse ikkje verkar. Det er faktisk tvert imot: Det er lagt fram god dokumentasjon på det motsette. I ein TØI-rapport frå 2010 finn me at konkurranse på Gjøvikbanen har «bidratt til lavere kostnader (...) og bedre tilbud for passasjerene (…)». I ein fersk studie frå Europakommisjonen viser ein òg at konkurranse gjev lågare pris, reduserte kostnader og auka kvalitet. Konkurranseutsetjinga me gjorde i regjering, har resultert i 200 nye avgangar, som er ein direkte følgje av at konkurranse gjev betre tilbod for staten. Me merkar oss at det på fleire område synest å vera greitt med konkurranse, innan både ferjedrift, hurtigbåtdrift, kollektivtrafikk elles og luftfart, berre ikkje innan togdrift – endå det er konkurranseutsette strekningar som kan skilta med dei mest fornøgde kundane. For det er fornøgde kundar me vil ha. For Høgre vil det vera naturleg at me jobbar vidare langs dette sporet, både innanfor levering av gode togtenester og på andre område der me skal bruka midlane til skattebetalarane på best mogleg måte. Det er trist når ideologi trumfar fakta og bevis.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat