Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 14. des 2024

Innlegget
Høgre merkar seg at regjeringspartia ikkje er interesserte i fakta, evaluering og forbetring. Me har etterspurt ei evaluering av gratis ferje for å prøva å finna gode innretningar slik at me unngår det kaoset me har vore vitne til i 2024. Representantane Gjelsvik og Lien snakkar fint om tusenlappar kvar reisande sparar på at ferjene er gratis, men har dei spurt næringslivet? Har dei spurt laksenæringa om kva det kostar kvar gong bubilane tek opp plassen på ferja og dei ikkje kjem med? Nei. Vil dei vita svaret? Nei. Representanten Gjelsvik meiner at aukande etterspurnad må føra til meir ferjeproduksjon, men ikkje éi krone er lagd inn i dette budsjettet frå regjeringa for å auka ferjeproduksjonen.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat