Videoopptak
Videoopptakene fra Stortinget er reservert abonnenter. Start 2 dager gratis og se dette innlegget umiddelbart.
Lås opp opptak →Innlegg · 16. des 2024

Innlegget
Med Arbeidarpartiet og Senterpartiet i regjering har målet vårt vore at folk skal få betre råd, og eit statsbudsjett som gjev tryggleik for folk og tryggleik for landet. Vi har prioritert rettferdig fordeling og velferd for det breie laget, med lågare inntektsskatt, straumstønad, billegare barnehagar, gratis kjernetid i SFO og ikkje minst auka barnetrygd. I dei tre åra vi har styrt, har vi auka barnetrygda med svimlande 10,5 mrd. kr, i motsetning til Høgre og Framstegspartiet som styrte i åtte år og auka ho med om lag 3,6 mrd. kr. Vi ser her eit klart skilje på kven vi prioriterer når vi styrer. Barnefamiliane har fått auka utgifter, og då må vi som fellesskap sjølvsagt trø til. Barnetrygda er eitt døme, tilgang til fritidsaktivitetar er eit anna. Berre i år aukar vi òg tilskotet til barnevernet med om lag 800 mill. kr i forslaget til statsbudsjett, som òg prioriterer å styrkje institusjonstilbodet med auka kapasitet, fleire fosterheimar og betre helsehjelp. I den tida vi lever no, er det kanskje endå viktigare å inkludere barn og unge. Difor er eg stolt over den politikken som regjeringa vår fører, der målet er å utjamne sosiale og geografiske forskjellar og førebyggje utanforskap og fattigdom. Gode oppvekstmiljø er ein viktig del av dette. Vi har auka tilskotsordninga for barn og unge frå om lag 550 mill. kr i 2022 til om lag 750 mill. kr i budsjettforslaget for neste år. Her er gode tiltak som fritidsklubbar, kontingent- og aktivitetskasse, organisasjonen MOT, Ferie for alle og stiftelsen BUA, som er eit genialt konsept der ein låner ut idretts- og friluftsutstyr gratis. Alle desse får tilskot derifrå. Dei har gode tiltak og jobbar effektivt med å inkludere endå fleire barn og unge i fritidsaktivitetar. I løpet av debatten la eg merke til representanten Kristensen, som var innom barnefattigdom, eit område vi begge er opptekne av. Ho nemnde òg barnefattigdom i sentrale strøk, og då kan eg ikkje dy meg for å sjå på kva partiet Høgre gjer når dei styrer såkalla sentrale strøk, der Oslo jo er eit ganske godt døme. Der prioriterer dei skattekutt, og samtidig sender dei rekninga til bydelane, som gjev kutt i fritidsklubbar og aktivitetar for barn og unge over heile linja. Det kan jo hende at Oslo Høgre har blitt inspirert av Høgres alternative budsjett her på Stortinget. I sitt alternative statsbudsjett vil partiet ha skattekutt der 80 pst. av kutta går til den eine aller, aller rikaste prosenten. Det er jo då å sende rekninga på fleire tusen kroner til familiar med ungar i barnehage. Eg er glad for at det er Arbeidarpartiet og Senterpartiet på lag med SV som har losa gjennom eit statsbudsjett, der ein for tredje år på rad har prioritert lågare barnehageprisar, gratis kjernetid i SFO og auka barnetrygd, og eg kunne ha nemnt i fleng vidare. Vi brukar altså samfunnsmodellen vår til å fordele, og eg meiner at dette er ei heilt rett prioritering i ei tid der veldig mange familiar slit med å få pengane til å strekke til.
Kilde: data.stortinget.no · offentlig referat